Årets feiring av 17.mai!


Gratulerar med dagen (skal eg vel sei, sjølv om syns det er litt merkelig)! Håkon vart ikkje med ut i år, så eg gjekk bort på Cuba med LM og Pappa, så vart eg med Ida og Eline der :) Ganske koslig med 17. mai egentlig, og heldigvis vart det fint vêr! Men no blir det egentlig berre veldig godt å hoppa ut av bunaden.. Håpar alle har hatt ei fin feiring! 

Designated driver


Eg og Pappa reiste til Trondheim rett etter eg var ferdig på skulen på fredag, så da vart det litt langkøyring på meg! Eg køyrte ikkje heile vegen, men det vart vel omtrent fem timar trur eg - heilt inn til Trondheim og parkering utanfor hos LM. Flink. LM serverte oss moussaka før eg egentlig berre ville stupa til sengs, var døøødstrøtt..

Så morgonen etterpå skulle LM visa oss litt rundt om (det var egentlig berre veldig kaldt) før me tok ho med oss heim. Og ja, viss du lurte; eg køyrte eit par timar heim òg! Til og med på Sognefjellet, eg imponerar. Så no er me heime igjen, og helgi er bortevekk! Haha, neida.. (Vel, jo.) Det er vel uansett nok lærekøyringsprat... Hadet bloggen!

As days go by....


No for tiden tek eg èin dag om gangen og ser kun fram til helg. No er det to dagar til helg. (Og vips så er den over, og så er det på'an igjen, fem dagar til helg..) Sjukt masse stress for tiden, og lenge sidan eg ikkje har hatt noko skulearbeid hengande over skulderen.. Veldig kjedlig. And it's really bringing me doooown... Eg får liksom aldri tid til å setta meg ned å slappa av uten dårlig samvittighet, og eg føler at eg egentlig ikkje får tid til noko.. Skuledagane er lange, når eg kjem heim er dagen allerede bortevekk omtrent og åh.. Ikkje for å klaga eller noko altsåååå.. Jo.

No vil eg berre ha helg, for til helgi må eg ha levert inn kortfilmen, så da trur eg faktisk det er slutt på den konstante må-gjera-skulearbeid-følelsen. Da har eg nok tid til neste... framføring er det vel, yes. Nok tid til å ta fri i helgi i alle fall. Så reiser eg kanskje til Trondheim da, det blir jo kanskje egentlig veldig stress, men.. LM lengtar sånn, så kanskje. 

With cherry on top


Eg vart stuck på Hafslo i går eg, men det var egentlig koslig så det gjekk fint, hih. Me vart i alle fall endelig ferdig med all filmingen til kortfilmen vår, innlevering på fredag så... woop, woop! Må vel snart setta i gang med redigering... 

London 2012


Som sagt; ikkje så veldig interessant at det gjer noko, men så får de i alle fall sjå litt småklipp fra korleis me hadde det i London :) (De kan sjå filmen i HD her)

Knock knock, who's there?

Eg har begynnt å tenka litt rundt bloggingen min, og... alt de som les faktisk veit om meg og mitt. Ikkje det at eg skriver spesielt personlige ting, det har eg jo egentlig aldri gjort (ikkje ofte i alle fall), men uansett. Så mange som veit så mykje om meg, og eg veit ikkje kven de er ein gang - det er nesten litt skummelt det! Og det er jo heller ikkje vits i å spørra, for eg er ganske så sikker på at ikkje eingang halvparten hadde svart. Men altså, eg har jo valgt det sjølv! 

Eg lurer liksom på korleis inntrykk dei som ikkje kjenner meg får av meg berre ved å lesa bloggen  - det kan jo ikkje stemma! Trur eg i alle fall.. Eg har tenkt meir på alt sånt no i det siste enn det eg gjorde før, sikkert derfor eg ikkje har blogga så mykje òg.. Alle veit jo om bloggen! Ikkje at eg har noko i mot det, men ja.. Nei, skjønnar ikkje heilt kva eg vil fram til her.. Anywaaaaays... Eg har laga ein liten film fra Londonturen! Veldig random og egentlig kjedlig, men.. Want it? 

Put on your smiley face

Eg er utmatta, og eg er sjukt lei av matte. Føler eg har jobba med det i dagesvis... Men oi vent, eg har jo faktisk det. Eg føler òg at det ikkje var så veldig verdt det, og magefølelsen er liksom ikkje heilt... Jaja, samma det. Now it's too late anyways. Og det har sjølvsagt vore dødsfint vêr og omtrent sommar når eg ikkje har kunna vore ute.. Sjølvsagt.

Så joda, that's what I've been up to. Hadde ein koslig pause i går da, reiste på råning med Eline og Ida! Hih, me kjøpte oss is i Øvre og såg litt på fotballkampen til Håkon og gutta i finvêret. Men men, no trenger eg mat! Ville berre få ut ein liten oppdatering, så er livet mitt kanskje (egentlig ikkje, har samfunnsfagprøve) tilbake i morgon.. Cya :) 

London, torsdag-fredag



Torsdagen
 var satt av til Camden Market, som eg faktisk hadde gleda meg veldig til! Det endte opp med... vel, ingenting. Det var kjempekjekt å gå rundt å sjå, og det var masse fint, men det var ingenting som var verdt å bruka opp pengane eg ikkje var sikker på om eg i det heile tatt hadde (fikk ikkje sjekka saldoen på kortet nokon plass i London, så prøvde å ha ein viss kontroll, men det var jo nesten heilt umulig..). Eg, Tea, Marianne og Renate satt oss inn på ein kafè og kjøpte oss mat, og vart egentlig sittande der å jamma ei god-god stund! Haha, minneeer.. 


Så litt seinare torsdagskveld reiste heile klassen ut på ein merkelig plass der eg ikkje likte noko av maten (Det var ikkje første gang heller... Elskar å vera kresen..), før me reiste på konsert! Det vart ein.. veldig bra kveld(!), hadde det ikkje vore for at eg vart sjuuukt dårlig, og endte opp med å sitta utanfor når oppvarmingsbandet var ferdig (men dei var best da, faktisk!). Men det var uansett kjekt så, hihi. Så var det rett heim og pakka og hit the bed! Det vart ein lang kveld..

Me sto opp kjempetidlig fredagen, så fikk me ikkje i oss frukost før på flyplassen, og da vart det ekstremt feite og søte pannekaker! Haha.. Så gjekk flyturen heim veldig fort (sov omtrent heile vegen), mens bussturen derimot.. Jaja, Pappa henta meg på Fodnes da, så lærekøyrte eg heim - fikk siste delen til å gå mykje fortare! Heh.. Så når eg kom heim hadde Håkon laga taco og åh.. lykke ♥ Det var i alle fall ein super tur da! Koste meg massemassemasse :) 

What's going on nowadays


Innimellom alt Londonpratet får de jo faktisk veldig lite nytt om kva som skjer no etter eg har komme heim - but there's a good reason for that! Eg gjer veldigveldig lite, stort sett har eg sett Supernatural med Håkon, og ellers berre rekna matte. Heh, yaay. Men i går var eg faktisk ute da, det er jo nesten obligatorisk. Så, Ida kom hit og me fiksa oss i lag før me reiste på vors hos Margaret. Hadde det kjempekoslig der, men det var faktisk nok med vors for meg i går, så i tolv-tiden var eg hos Håkon igjen.. Haha, eg er ikkje heilt i form så whatever! Heh..  

London, tirsdag-onsdag





tirsdag var me først innom Tate Modern Gallery og sjekka ut Damien Hirst. Personlig falt det ikkje heilt i smak, det vart litt for... spesielt for min del. Så var me nett innom eit lite fotogalleri på ein liten omvisning i ein halvtimestid før me fikk resten av dagen fri. Det vart enda meir gatetrasking, så endte me opp ved Covent Garden og reiste til frisøren med Marianne, og resultatet vart så kuuuult, hih! Me var òg innom ein kul vintagebutikk og kledde oss ut og berre tulla.. Samma kvelden reiste ein gjeng av oss ut på pub i nærheten av hotellet, så det vart ein kjempebra kveld! :) 



Onsdag, hadde me eit møte med ei som tidlegare har gått på medialinja i Sogndal, og som no går på Kingston University. Me reiste på kafè og berre satt og pratte, og det virka faktisk veldig spennande! Hadde ikkje hatt noko i mot det, og Kingston var eit veldig fint område òg så.. :) Seinare reiste me innom London Film Academy, der me satt og høyrte på eit lite "foredrag" av ein kjempeawesome fyr! Haha, var faktisk underholdande.. And I think he's kinda almost famous. For someone. Vel, eg har gløymt kva han heitte, så samma det. Resten av dagen fikk me (once again) kun fritid, så da reiste me til frisøren igjen, denna gangen slik at Renate fikk sidecut! Fyflate så fett, ho kledde det så sjuuuukt... Eg har mast lenge. Heh. Me holdt oss inne på hotellet den kvelden òg, farga håret til Renate og ja.. hadde det berre kos! 


London, søndag-mandag





Søndag fikk me fotooppgaver så me fikk reisa heilt fritt rundt om for å ta bilder der me ville. Me klarte sjølvsagt å surra vekk det meste av tiden ved London Bridge og litt rundt om før me måtte ta tuben tilbake for å møta resten av klassen til piknik i Hyde Park. Det var ein veldig bra tanke, men vêret var ikkje heilt optimalt (var altfor kaldt den dagen!) så det vart ein kort piknik før folk reiste videre igjen.. Haha, det morsomme er at eg hugsar egentlig ikkje kva me dreiv med, men på kvelden stæsja me oss i alle fall opp før me reiste ut på ein fancy restaurant og koste oss! 





mandagen var me innom BBC, og det var faktisk veldig kjekt! Kunne godt ha vore der ei stund til..! Og det var faktisk det einaste som stod på planen vår, så resten av dagen vart berre fritid (slik var det egentlig kvar dag, heilt ok!). Me reiste i alle fall rundt om på shopping, og på Foot Locker fikk eg meg endelig eit nytt par converse! (Yay, finally!) Og fun story; Renate vart praktisk talt fridd til, it was caraayzey! Finst grenser for kor høflige dei skal vera liksom..! Neida, men etter waaay too much gatetrasking reiste me tilbake til hotellet og bestemte oss for å ha a night in med pizza og kos :) Noko av det kosligaste med heile turen var faktisk dei kveldane me hadde inne i lag sånn, chiiiill. Og kos! 

London, fredag-lørdag






Fredagen gjekk egentlig ganske kjapt, turen til London er jo faktisk ikkje så lang den(!). Me var framme på hotellet på kvelden, så da la me fra oss all bagasje og reiste ut på ein liten koslig plass å kjøpte oss mat omtrent med ein gang. Sjølv om me ikkje var så nært sentrum hadde me heldigvis massevis av kafèar og pubar og random sjapper rundt om hotellet vårt :) Heile lørdagen var satt av til shopping, så da vart det ein god del.. shopping. Herregud, brukte nesten to timar kun inne på Topshop, sjukt. (Eg endte opp med ein gensar og eit par truser, heh.. Typisk.) På kvelden skulle me egentlig på musikal, men det var noko tull med billettane våre, så det vart ikkje noko av, veldig seigt! Men me reiste samla heile klassen på ein kjempefin plass og fikk i oss kongemat, så det var ganske ok! 

Back from London

Heyaa, I'm finally back! Eg har hatt det kjempekjempebra, men sjølvsagt var det utrulig godt å komma heim igjen i går! Eg hadde lovd LM å blogga, men det orka eg berre ikkje, og eg og Håkon sto ikkje opp fra sengi før no, so here I am!

Planen er å visa litt bilder og sånt fra kvar dag i London, men eg veit ikkje heilt når eg... begynnar med det. Eg er så stressa ettersom eg må klara å gå gjennom heile matteboki til heildagen på torsdag.. Haha, flink! Men eg kan vel kanskje få til ein liten del i kveld :) No trenger eg å berre slappa av litt egentlig, har jo sjølvsagt klart å bli sjuk.. ehe.

London calling!

Her skulle det egentlig vera eit kjempekult bilde av meg med tomlar opp i lag med den stappfulle kofferten min, men så vart ikkje bildet så kjempekult, så eg lagde denna... tragiske... ja, nei nevermind. Tomorrow I'm in London babyyyy! 



Ville berre sei det ein siste gang, slik at de veit det.. Hadde egentlig planar om å ta med macen, men droppar den.. Blir heller bilder og blogging når eg kjem heim. Så da blir bloggen lagt død i ei heil veka! Kanskje eg kjem med eit lite innlegg fra mobilen, men eg tvilar. Veldig sterkt. Åh, eg gledar meg såååånn..! Oxford street, camden market, konsert, musikal, forhåpentligvis god mat, fine venner, BBC og ja.. it's gonna be fuun :)

Sweather weather


Heya! Eg har nettopp hatt ein koslig kveld med Ida og Kaja, og no ventar eg på at kjæresten skal komma heim, så keffør ikkje legga ut eit crappy bilde fra photo booth i lag med litt random tekst? Riiight. Eg har stort sett berre skuleting going on for tiden, og det er stort sett alt eg tenker på, lurer på korleis eg skal få tid til alt.. Men så reiser eg jo tross alt til London på fredag da! Blir deilig med eit lite avbrekk - ei heil veka i London med fine venner! :) 

Ellers har eg det bra altså, bloggen er berre lagt veldig på sida som de kanskje har merka. (Skal prøva å komma sterkare tilbake etter London viss blogglysten er der..) Men eg orkar ikkje å whina meir om det, som eg alltid gjer, så let's not. (Ps: eg lærekøyrte for første gang sidan eg var fjorten i går! Jaokei, berre le.. I don't mind.)

They don't like it, sue me


Okei sååå, eg vil egentlig ikkje klaga, men åh - det har blitt så ork å blogga, føler at ingen bryr seg uansett så why really bother.. Sånn, ville berre sei det. Det vart ikkje noko blogging i går heller, det vart ein laang dag.. Me hadde heildag (som egentlig knapt var halv) i norsk, så fikk me litt tid på Domus kafèen før eg vart med Tea heim igjen til Hafslo :) Me koste oss med pitabrød til middag ilag med ein dose TV før me reiste ut til Sogndal igjen med Marianne og opp på hybelen til Sunni! Me driver nemlig å lagar kortfilm på skulen og det var time to shoooot! 

Ellers har eg...... posert mykje i lag med.. mat. Neida, men... det skjer lite for tiden folkens! Berre skulestuff, og det er jo kjedelig.. (Legg merke til bildet der eg svarar på oppgaver og skriv på ark! Med blyant! Herregud, Marianne var nødt til å ta bilde. Det skjer aldri. Kan ikkje hugsa forrige gang liksom.. Media altså.. Jaja, gledar meg berre til me skal til London neste veka, berre vent - da skal eg ta masse bilder og åh...! Det skal bli så bra! Det er stort sett alt me snakkar om for tiden, hihi. Ellers har eg faktisk planar ikveld, og det blir ein finfin fredag det! 

I'm just waaay too tired

Kvardagen traff meg visst midt i trynet. Eg og Håkon vakna plutselig i halv åtte tiden i sta av at telefonen hans ringte, så måtte han springa avgårde for å rekka fotballtrening - me sovna visst på sofaen begge to.. Eg er heilt utsliten, og vil egentlig berre ligga under dyna heile dagen. Men neida, eg er flink jenta og står opp om morgonen altså, heh. Men eg ser kun fram til helg igjen eg. Æsj, hatar å vera sånn trøtt og lei og ork og åh..

Men, heldigvis har eg jo så gode folk rundt meg! I går hadde eg og Håkon 1-år-og-7-månadar-ilag-dag (no biggie altså, men fortsatt kos med slike "små-jubileum"), så han kom med brownie cookie! Haha, søten skjønnte ikkje at det skulle vera eit par (16 faktisk) søte, små cookies, så han lagde berre èi monster cookie. Det var sjølvsagt heilt okei for meg! Og i dag kom Marianne med eit litt forsinka bursdagskort som høyrte til bursdagspresangen eg fikk - verdens søtaste! Åh, Marianne ♥ Og Tea var tilbake fra syden, (tan as jealousy) hih. Så har eg endelig fått meg liftgardiner, slik at eg slepper å tru at alle ser inn på meg. Heh. My imagination... Så joda, trøstar meg med liftgardinene.. :)

Surpriseparty for Sofie!




I gårkveld var nemlig surprise-gratulerar-med-vel-overstått-og-velkommen-heim-fest for Sofie! Ho har vore bortevekk (i Australia, heldigheldigheldig) i nesten eit år, and now she's back! Hih, eg vil nok sei at kvelden var vellykka - Sofie vart overraska, og eg vil nok òg sei at ho hadde ein bra kveld! (Håpar i alle fall det da, for det fortjente ho..!) Success! 

Eg hadde i alle fall ein bra kveld sjølv, og det var kjempegodt å sjå att Sofie, aaaltfor lenge sidan..! ♥ Så, her er det jo ein del bilder òg, men det blir jo berre sånn... bilder av folk. Og meg da. Og ja, men hallo, eg har vore flink. Så, i dag er siste dag med påskeferie, og i morgon er det rett tilbake på skulebenken. Wohoo... heh. Håpar alle har hatt ein fin påske da!



My lipgloss be poppin'

Hei igjen! Eg skal ikkje whina om at eg ikkje blogga i går (...), eg kan heller berre sei at eg hadde ein kjempekoslig kveld hos Margaret med fine jenter! Hihi, me lagde oss taco og satt i timesvis og berre pratte egentlig. Eg likar sånt! Så vart det ein sein kveld i går òg, med 90210 og kjærestekos :) Uff, det blir spennande å komma tilbake til normal døgnrytme..

Men jaaaa, guess what I'm doing now! Heh, getting dressed and getting ready - håpar på ein super kveld! :) Så skal eg prøva å vera flink til å ta bilder, eg har liksom svikta litt i det siste... Men ja, aller først; maaaat! Cya peepz :)

Bildedryss fra hytteturen



.. Eg sa jo det skulle bli bilder! Så, no er eg heime igjen, og det er egentlig veldig godt det òg - berre det å komma ut av joggebuksa/tightsen/haremsbuksa var veldig fint! Haha, har vore superdeilig å slappa av på hytta denna veka, men ja.. Som alltid så er det godt å vera heime igjen :) Kanskje bloggingen kjem litt hyppigare òg.. Heh, sorry 'bout that. 

Vel, no er det siste helgi av påskeferien, og den skal nytast! I kveld har eg planar med Ida, så det blir sikkert kos! hihi. 

Påskefjellet!

Eg har hatt nokon kjempekoslige dagar her oppe på hytta med Marianne og Renate! Me har kosa oss masseeee, hihi. Me har bada i stampen, vore ute i snøen, spelt masse kort og dart, ete god mat og åh... kost oss! No har dei reist, og Pappa og Håkon har komme opp, så eg blir nok her eit par dagar til.. :) Det har egentlig vore ganske fint å berre ta fri fra alt på ein måte! Så kjem eg sikkert tilbake med eit skikkelig bildedryss ein anna dag.. Det blir ikkje så mykje McMacing her oppe, internettet er så crappy, og ja... det er uansett deilig å ha fri. 

Den etterlengta påskeferien..


Alle seier eg må blogga, så eg bloggar. Veldig uinteressant og med gamle, dårlege bilder. Eller bilde da. Uansett, eg tok meg skikkeleg påskeferie på fredag og reiste på hytta til mommo og bestefar (påsketradisjon!), til og med uten mac. I går fikk eg ein pitstop her heime med kjæresten, så i dag reiser eg oppatt på vår hytta, med Marianne og Renate! Hihi, gledar meeeg, det skal bli kos! Så veit eg ikkje korleis det blir med bloggingen framover da.. God påske! 

You're just my king of hearts


Åhherregud blogg.no har vore så oooout i dag, heilt klikka. Yeah, big shocker. (Heh, i alle fall her hos meg..) Vel, eg hadde egentlig ingenting å sei da. Eg sitter med potetgullet og sjokoladen min og ser på American Idol eg, kvalitetstid.

Ellers var denna dagen egentlig veldig fin! (Me ser sjølvsagt vekk fra gymtimen) Skikkelig good feelin' å gå ned på skysstasjonen etter skulen i soli, med friskisen i handi! I like iiit. Åh, vår er egentlig veldig fint. Så no er det berre torsdag og fredag igjen, så er det jo påskeferie! Skal (som alltid) bli godt.. But that's enough randomness. Cya :) 

Skidag totusenogtolv

Eg er faktisk veeeldig glad i skidag! Det er alltid så kjekt - og det var det i år òg! (Sjølv om det ikkje var på Filefjell.. ♥)
Så jo, eg har hatt det kjempekjekt i dag, og det var gøy å vera tilbake i slalomskoa! Sjølv om eg synst det var litt skummelt i dei bratte bakkane på Heggmyrane... Det var visst ikkje heilt plassen for mitt comeback. Men men. Tiden gjekk sjukt fort da, så det kunne godt ha blitt ein del turar til i bakken, men.. får ta det att :) Eg og Tea (helmetbabes), og Renate (boardbabe - åherregud Renate ser så kul ut på snowboard. Eg vil stå på snowboard. Hatar at Renate er så kul...!!!) hadde det i alle fall kjempekjekt! Savna Mariannebabe da.. ♥

Så ellers er eg heime i Årdal igjen, in a quite crappy mood. Det er egentlig berre fordi eg må skriva ein innlevering i gym da. Ellers har eg det egentlig topp. Med kjæresten, brusglaset og potetgullet ved min side, hih.

PS: Er de lei av mine crappy iphonebilder no? ÅNEIVENT, glømte at det ikkje var vits i å stilla spørsmål her, heh.. Neidaunnskyld. The crappy mood you know. Ilu all ♥ Seff.

Just dropping by to let you know..


.. I'm alright! Har hatt ei kjempefin helg! Vêret har vore topp, og lørdagen satt me faktisk ute ei stund! Eg og Håkon reiste nemlig ned på Tangen å møtte Ida, Ola og Oliver :) Me vart sittande på kafèen før me flytta oss ut - guttaboys fikk skata, og eg og Ida satt i soli og fikk skravla litt mens me såg på, hihi :) Good times! Seinare på lørdagskvelden samla me oss igjen og såg ein litt småskummel film, funfunfun!

I dag har eg og Håkon hatt ein kjempeslapp søndag med mange episodar supernatural, og ein god del timar med sofasliting rett og slett..! Eg har òg styrt litt på med å få alt klart til årets skidag, som er denna tirsdagen.. Me skal på heggmyrane, så i morgon skal eg ha nok ein overnatting på Hafslo! Hihi, blir kos :) Men blogging blir det lite av...

les meir i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012 » Februar 2012 » Januar 2012


nina ballerina(kjeks), 18 år og fra ein liten plass i sogn og fjordane som heiter årdalstangen, går på media og kommunikasjon på sogndal vgs. eg elskar musikk og å ta bilder, og eg likar ballerinakjeks, polaroidar og parantesar. og ja, så har eg verdens beste kjæreste da, hih ♥ her bloggar eg om ting som skjer i min kvardag og andre uintressante ting. og berre sånn viss du vil så kan du bli venn med meg her.
Mai 2012, April 2012, Mars 2012, Februar 2012, Januar 2012, Desember 2011, November 2011, Oktober 2011, September 2011, August 2011, Juli 2011, Juni 2011, Mai 2011, April 2011, Mars 2011, Februar 2011, Januar 2011, Desember 2010, November 2010, Oktober 2010, September 2010, August 2010, Juli 2010, Juni 2010, Mai 2010, April 2010, Mars 2010, Februar 2010, Januar 2010, Desember 2009, November 2009,

hits