Nina, bortevekk?

Bloggen har visst støva ned i helgi, og slik skal det ikkje vera. Eg har vore busy-busy! (Woho, det er ikkje ofte eg kan sei!) Men jo, det er faktisk heilt sant. Litt i alle fall. Eit lite sammendrag fra helgi får eg vel til!



På fredag svømte eg to tusen meter og var i bursdag til Ida og Eline. Var ein kjempe koslig kveld med fine folk og god mat. Eg og Hilde overnatta hos Eline etter bursdagen - me var trøtte alle mann, så det tok ikkje så altfor lang tid før me alle sov, men jo; koslig! På lørdagskvelden var eg, Mikael og Nikolai borte hos Hilde å spelte spel og snakka i eit par timar før ho måtte legga seg, hih. Ho skulle nemlig opp tidlig å spela kamp ho. Da reiste me andre bort til Nikolai og var der til fem om natti (morgonen?). Og i dag tidlig (klokka... halv to?) gjekk eg, Nikolai og Mikael bort i Hallen. Mikael dømte ein kamp, så vart me sittande der å sjå på resten av kampane før det vart ein liten tur innom Mikael, og så heim å eta. Og no kjem Sofie snart ned! *Pust ut* Me talast!

  • bob gunda kjæsti (Olav) - 17.01.2010 kl.19:04

    oppsumering av mi helg: avatar og ikea... yea

    nina - 17.01.2010 kl.21:24

    Olav: Ha du sett Avatar? Elle meina du spelet? Eller... hæ?

    , Årdal




    hits