Fint på ein søndag

UKM i går var faktisk ganske bra! Mange flinke folk her i Årdal. Hm, kven skulle ha trudd det liksom. Ein del.. overraskelsar. Haha! Etter UKM var ferdig reiste eg, Ida og Hilde ned på kafèen og koste oss ei stund, før me alle reiste til kvart vårt. For min del så vil det da sei Spellemann på tv, potetgull, brus, sjokolade og musikk til (ikkje så veldig) langt på natt (faktisk). 
Og i dag har eg og Hilde sett på Skins heilt ifra me (i alle fall eg) stod opp til... vel, no. Fyflate, beste serien. Og så er det tilbake på skulen i morgon da. Det minnar meg på at eg må bruka ein del tid på norskprosjektet denna veka. Eg må. Vel, eg gledar meg til det er helg igjen eg. No skal eg nyta at eg fortsatt er aleina heime. Så lenge det varar. Så får alle ha ei god natt når den tid kjem! :-)

  • Kathrine - Språkreise 2012 & 2013 - 08.03.2010 kl.17:00

    Sykt fin blogg :)

    nina - 08.03.2010 kl.20:41

    Kathrine: Tusen takk! :-)

    , Årdal




    hits