Norskprosjekt-fail og kafèbesøk

Vart ikkje så mykje jobbing med norskprosjektet i går som eg egentlig hadde planlagt. Vart ikkje noko jobbing med norskprosjektet i det heile tatt faktisk. Først kom Nikolai ned og me såg ein film, og Farmen har vel aldri vore så intressant som når eg egentlig skal jobba med eit norskprosjekt? Neh. Så var det Paradise Hotel så klart, og så reiste eg bort til Hilde og var der ei stund. Når eg kom heim igjen hang eg opp kle, for det hadde eg nemlig lova Pappa. Mhm! Så såg eg det siste kvarteret av Paradise Hotel som eg gjekk glipp av på internettet før eg la meg. Null tid til norskprosjekt vel!




Og i dag har eg vore på kafèen med Janni, Ida og Hilde! Hilde skulle på trening og kunne ikkje vera så lenge, men me andre vart sittande ei god stund. Me gjekk faktisk opp til Ida, så ned igjen på Tangen å møtte Hilde når ho var ferdig på trening, så var det heim igjen! Hih, koslig. No skal eg ta ein dusj, jobba litt med norskprosjektet (Om det blir tid til det... ehe) og så blir det Paradise! Avhengig? Eg? Neeeeeiiiisss...

  • kathrine - 11.03.2010 kl.23:26

    koseliiiig :)

    , Årdal




    hits