Ikkje heilt på topp

Jepp, i dag er eg ein ikkje heilt på topp Ninus. Har hatt veldig ilt i halsen fra i går kveld, og har begynnt å bli tett i nasen òg... Slikt likar me ikkje.. :( Men eg har langhelg da! Det er jo veldig fint.
Hilde og Ida vart med meg heim etter verdens mest slaskete skuledag i dag, og me hadde ein liten dose med jenteprat før Ida måtte videre og eg og Hilde såg eit par episodar med 90210. Når Hilde reiste lagde eg meg mat og satte på høg musikk og gjorde ingenting. Altså, slikt eg pleier å driva med. And I like it! 

Ellers så blir det ein tur til Sogndal i morgon med jentene, så eg må nok stå opp tidlig sjølv om eg har fri. Men det skal nok gå bra, og med dei planane me har lagt for dagen så kan det nok bli... spennande! Seinare på kvelden har me planar om å laga oss mat og berre kosa oss, pluss litt annart som eg kan sei litt meir om i morgon, it's a surprise! Neida, haha. Det blir nok ein kos dag med jentene :) 

  • , Årdal




    hits