Ein øyredobb nr. 3

Det var nemlig dèt eg, Ida og Hilde dreiv med i går kveld! På badet til Hilde, virkelig... profesjonelt! Og viss det er nokon som enda ikkje har skjønnt det: me tok hol i øyrene. Ida og Hilde tok heile tre hol kvar, slik at dei fikk tre hol på det eine øyra, og to på det andre, mens eg holdt meg til å berre ta eitt, slik at eg har to på det eine øyra og eitt på det andre. Eg trur det er nok for meg, hah. Eg er fornøgd i alle fall! :)
Auga mitt ser egentlig ikkje så "dødt" ut altså, håpar eg.

Etter me var ferdige med alt øyredobb-styr kom Mikael og Andreas opp og me satt hos Hilde å berre snakka i eit par timar. Da vart det agurk, mango, druer, dipp, melkesjokolade med kvikk lunsj, appelsinsjokolade og bestemorsaft! Koslig! :) No er det Karpe på full guffe, iiiih. Berre så du veit det.

  • Anette K. Sørheim - 24.04.2010 kl.23:38

    hadde aldri tørt :o

    Nina - 24.04.2010 kl.23:54

    Anette: Joooda! Det var faktisk ikkje skummelt, haha! :-)

    , Årdal




    hits