Ein stk. trøtt Ninus

Okei, eg veit at eg er heilt elendig til å blogga for tiden - folk klagar faktisk! (ja, tre personar kan reknast som "folk"!) Eg har jo så klart unnskyldningar; eg har ikkje data, pluss at detta er eksamenstider. Ikkje det at det har gått så mykje utover kvardagen min, men det er ein unnskyldning. Men for å ta igjen litt, så kan eg sei at i går hadde eg besøk av Mikael og Nikolai, og me hadde det syyykt chill egentlig. Haha, me låg stort sett på sofaen, høyrte på musikk, spelte kort og såg Paradise. Ikkje noko eksamensøving nei, hih! :) Eg sov omtrent ikkje heile natti (ehe..) så eg var veldig trøtt under eksamenen i dag, men.. Satsar på at det gjekk okei i alle fall! Kan faktisk ikkje klaga på oppgavene denna gangen..
Ellers har det vore veldig-veldig fint vêr i dag! Eg og Ida vart ferdig med eksamenen på likt, så me gjekk ned på Tangen og kjøpte oss soft-is, kooos! Etter eg hadde vore heime ein tur reiste eg og Andreas bort på Cuba til Hans Jørgen, Nikolai, Mikael og Jostein. Så vart det litt volleyball i soli før me (utenom Jostein og Nikolai som ditcha oss! Neida..) reiste ned på Tangen og til slutt enda opp hos meg. Me satt ute på verandaen (så kom Nikolai tilbake igjen!) til soli gjekk ned, så gjekk me inn og... jah. Hah, staaandard! Så kom Eline innom på eit lite kveldsbesøk òg, hihi :) Men nei, no skal eg sova (har jo tross alt eksamen i morgon òg eg!), så satsar me på at det ikkje blir så altfor lenge til neste gang.. Godnatt! :)

 


  • LiseMette - 21.05.2010 kl.01:20

    ok

    Anette K. Sørheim - 21.05.2010 kl.23:49

    kk

    , Årdal




    hits