Does it get any better than this?

I dag stod eg opp så ikkje-altfor-seint og gjekk ilag med Hilde, Ida og Daniel bort på Cuba. Der møtte me ein del folk og det vart volleyball fram til klokka tre. Da reiste eg heim og trossa "solbrent-heten" min og la meg ut i hagen i bikini. Deilig! Seinare reiste eg og Hilde ned på Mix for å besøka Ida og Maria på jobb. Der vart det chitchat og is heilt til eg og Hilde reiste på kafèen med Jørgen, gøøøøy! :) 
Så, det einaste som øydelegger litt av den derre does-it-get-any-better-than-this følelsen no er tanken på at i morgon er dommedag. Da får me nemlig høyra kva me kjem opp i til den muntlige eksamenen som er på onsdag. Som eg har sagt før så er eg nittini prosent sikker på at min klasse kjem opp i matte og samfunnsfag, og eg hadde aldri trudd eg skulle sei det, men eg håpar eg kjem opp i matte. Magefølelsen seier derimot at eg blir nødt til å begrava meg i samfunnsfagboki. Æsj. Jaja, me får sjå! :) 

  • Therese! - 07.06.2010 kl.15:38

    masse lykke til :-D

    , Årdal




    hits