Siste dag med fjord til fjell

I dag reiste eg, Ida og Hilde ned på Tangen og møtte på Lisa (ei venninna av Ida som nett var på besøk) og typen. Me gjekk rundt på tivoliet - og me tok faktisk ein karusell! (Og det kosta meg faktisk heile førti kroner. Herregud.) Etter å ha hengt ei stund på torget gjekk me å hang på mix. Til slutt enda eg, Ida, Hilde, Hans Jørgen, Mikael, Ola, Andreas og Olav opp hos Nikolai. Der vart det film (ein dårlig ein, berre så det er sagt) og prateprat til seint på kveld (natt?). Koslig i alle fall! :) (Og ikkje så mykje fjord til fjell...)



I morgon tidlig reiser eg på klassetur til Oshloo (iiih, gøøøy!), og eg kjem ikkje tilbake før på tirsdag. Da trenger eg vel egentlig ikkje sei meir, altså, da blir det null bloggings fra meg til dess. Hih, blåggheees! :) 

  • , Årdal




    hits