Dei fem første polaroidane


1: Hei. Detta er altså armen min. Det var ikkje så altfor lett å vita kva det aller første polaroidbildet eg nokon gong skulle ta skulle vera av. Så da vart det visst berre av armen min. Og ja, det var veldig vanskelig å holda kameraet og samtidig trykka på knappen - men eg klarte det!

2: Håhå, Ida skulle få lov til å både holda kameraet og trykka på knappen når me satt i bussen på veg heim fra Sogndal. Og ingen av oss tenkte på at blitz + spegel = cræshj. Men det gjorde jo alt egentlig berre veldig morsomt, så no likar eg egentlig detta bildet veldig godt faktisk! Hahah, smartiiees :)
3: Me hadde nettopp gått av bussen og det kom eit par regndråpar før eg så vidt tørte å trykka på knappen etter eg hadde tatt på sjølvutløysaren. Når eg først gjorde det klarte eg liksom ikkje å reisa fra kameraet, men etter "ja, det er pååå!!" og "spring!" - så sprang eg. Og detta bildet er eg veldig glad i :)
4: Lise-Mette: Har du tatt fleire bilder med polaroidkameraet da? Eg: Nope, men du kan ta eit av meg no. Lise-Mette: Ok! *Springer opp på rommet mitt og hentar kameraet*, og slik vart det. Lite pent igrunn...

5: Det har blitt høst, til og med høstferie. Allikavel er det strømpebukser som gjeld for min del, og det var sol. Og eg venta på at Håkon skulle komma heim etter f-e-m dagar i Bergen.

  • theus - 21.10.2010 kl.22:40

    eg vil SÅ blime på eit sånnt bilde med deg ninus!! gleda meg til photoshoot btw! :-*

    Nina - 22.10.2010 kl.01:28

    Theus: It's a date ;*

    , Årdal




    hits