Første skuledag og fin båttur

Merk: Kvardag-kategorien er i bruk igjen... I dag stod eg opp tidlig-tidlig (me snakkar liksom sju) og hoppa på bussen med Nikolai og Lene ut til Sogndal. Første skuledag gjekk egentlig heilt flotters! Sånn utenom at eg har blitt b-klassing (æsj!). Hihi, men jo, vart allerede i dag kjent med eit par nye og fikk møtt på gamle kjente! :) Me har ikkje akkurat komme i gang faglig enda, dagen i dag var stort sett berre informasjon, omvisning og friminutt, hihi. Dagen vart uansett ganske så lang ettersom eg ikkje var heime før klokka nesten var fire. Men joda, det skal sikkert gå fint. (Må opp klokka seks i morgon!(!!!!!))

Ellers har eg lengta etter å ta båten som går mellom Tangen og Øvre no for tiden ettersom vegen er stengt, og i dag fikk eg endelig gjera det! Eg, Håkon og Hans Jørgen tok nemlig ein spontantur opp på Babben så Hansi fikk seg kebaaab, høhø. Og ellers har me hengt på kiosken.. Bra liv <3


Og ja, så holdt Hansipansi på å sovna på båten heim igjen fra Øvre, hihi! :)

  • , Årdal




    hits