At the china house


I går hadde klassen planlagt eit lite klassetreff på China House, så eg vart med heim til Tea på Hafslo slik at eg slapp å gå å traska i Sogndal heilt til me skulle møtast. Tea lo over kor sjokkert eg var da me kom til Hafslo. Altså, eg var faktisk sjokkert over at dei faktisk hadde pizza til oss på den bui eg er usikker på om kan kallast for ein butikk. Men joda, det vart pizza på oss! Eg rakk både å helsa på hunden hennas og å få ein rundtur (eller "omtur" som Tea likar å kalla det) før det vart stress-eting av pizza og friends på tv. Når pizzaen var slukt var det rett på dansetrening! Tea har nemlig elevar! Impressive!

Eg og Tea gjekk bort til Marianne og etter ei stund fikk me henta Renate, så var me på veg! Berre ein smule forseint ute. Så når me kom fram var me ganske så svoltne. Spesielt etter pizzaen, sant Tea? (Heheh, matvrak... Neida, hih) Til slutt kom maten heldigvis, og det vart sjåande slik ut ei stund: 


Endre satt på den andre sida av bordet, men han kom bort til oss, så eg fikk i alle fall eit par ord med han og ein klem før eg måtte reisa av gårde med bussen igjen. Heim til Årdal. Og ja, eg fikk ein liten bildeserie av Tea med spisepinnneeeeerr! Ho er søt uansett, tehe :) 


  • Teaaaa - 23.09.2010 kl.21:57

    Eg føle eg e so normal ! :D

    Nina - 23.09.2010 kl.22:32

    Tea: Så normal som det går an å bli Tea! Hihihi

    , Årdal




    hits