Give me a word you can keep



Åh, det er så fantastisk med juleferie! Hihi, eg har stort sett budd oppe hos Håkon... Har sove der heile helgi (trur eg? Eg... held ikkje styr på dagane lenger - det er ferie!), og det var ekstra deilig å sjå han stå opp for å reisa på skulen i dag tidlig! For gjett kem som fortsatt låg å sov når han kom att? Jo, eg! Det einaste som er litt sånn crap er at eg har blitt sjuk igjen.. Det var verst i går da, og har heldigvis blitt bedre idag, yay! :) Men det gjekk jo egentlig fint, Håkon er jo bedre enn best og snudde dyna mi når eg trengte det, lagde mat til meg og.. holdt meg i live og ja - var berre bedre enn best! Haha, eg har faktisk ikkje vore så dårlig som eg var da på veldig lenge... Sånn, nok syting no! Snart jul, tehe! :)

Og eg veit at eg ikkje er flink til å oppdatera bloggen, men det veit jo alle så det er egentlig null stress... Right? Og forresten, i morgon reiser eg og Håkon til Bergen på litt i-siste-liten-julehandel, kjem att på onsdag, så da skal eg prøva å vera flink bloggar da! :) Wish me luck...


  • , Årdal




    hits