Sånn fint som eg likar

Å finna peng eg ikkje visste eg hadde. Lukti av bensin. Da lysi slår seg av og det er rett før artisten kjem på scena. Å endelig få laust popcornet som har sete fast mellom tennene. Iskaldt vatn når eg er kjempetyst. Femsekundarsregelen. Å legga meg i nyvaska sengekle.

Å finna ut at bursdagen min er på ein fredag eller lørdag til neste år. Den andre sida av puta.  Å tru det er torsdag når det er fredag. Å skriva inn ting på iCal-en min. Å legga hovudet oppå brystkassa hans. Å  tilfeldigvis sei noko heilt på likt. Når eg får til å skvisa ut nok tannkrem til eitt siste tannpuss.

Å ta av meg skoa på ein lang bil- eller busstur. Eller så klart å ta av meg dei høghelte skoa etter ein lang kveld for så å gå heim i strømpisen. Dagen eg kjem heim fra skulen og tenker "helg". Når eg vaknar før alarmen min og ser at eg har fleire timar igjen å sova på. Finfint. 


  • Marianne - 09.12.2011 kl.17:56

    det er sånn fint som eg og likar <3

    Teaaaa - 09.12.2011 kl.18:03

    femsekundersregelen ♥♥♥

    Ida - 10.12.2011 kl.15:32

    hahha, du e så søt!

    , Årdal




    hits