A trip to the dentist

Heldigvis kom Håkon fort nedatt i går, så eg slapp å kjeda meg så altfor lenge. Me lana stort sett resten av kvelden - eg satt med min Mac og han satt med sin pc, tehehe, sosialt.. ♥ Neida, me høyrte på musikk, såg videoar og litt av kvart me, hihi :) Så åt me nudlar før me la oss! Nam. 

Så i dag tidlig stod me opp og fiksa oss, så rakk me å få ligga på sofaen i ti minutt til før eg måtte springa. Til tannlegen. Yay. Gjekk jo fint da, og no har eg straks vore heime i ein time, heilt aleina. Håkon har reist på skulen, og bussen min går ikkje før halv elleve. Seigt med unødvendig fravær.. Men men.

Og heilt forresten, kva syns me om den nye singelen til Lady GaGa, "Born this way"? Eg har høyrt på han i eit par dagar no, og først likte eg han ikkje så veldig, men no... no likar eg han!


  • Linni Blystad - 14.02.2011 kl.09:55

    bra det gikk greit, da :-)

    Eline :-) - 14.02.2011 kl.12:05

    EG ELSKA HAN!!!!!!!!!!!!!!!! MOTHERMONSTER <3

    Sunniva - 14.02.2011 kl.14:10

    samma her! eg likte an ikkje i begynnelsen, men no høyre eg på an heile tiden! <3

    Erlend - 14.02.2011 kl.17:47

    ELSKA HAN <3 fra første stund !

    , Årdal




    hits