Hello Wednesday!

I dag har eg hatt nok ein meiningslaus skuledag, yaaaaaay. Neida, men joda.. Plutslig var eg ein av fotomodellane til Niclas, da gjekk tiden heldigvis litt fortare.. Eg har tenkt å redigera litt av bildene etterpå, så eg legger sikkert ut eit par på bloggen seinare, eg har nemlig blitt så hekta på redigering! Uansett, the good news is - me fekk fri i morgon! Blir godt å sova lenge og berre vera her heime.. :) 

Ellers takkar og bukkar og nikkar og neiar eg for svari på forrige innlegg! (Men eg sender òg eit stygt blikk til alle dei som ikkje svarte, det var jo ein god del av dei òg, hmf!) Det er jo alltids kjekt å få veta kva folk likar og vil lesa om her på bloggen! :) Eg skal prøva å bli flink eg, promise! Så, no hoppar eg i dusjen, og sånn forresten så er det fortsatt heilt lov til å legga igjen eit svar på forrige innlegg!


  • , Årdal




    hits