Målrock totusenogelleve



Fredag: Me var ganske trege med å komma i gang fredagen, men det gjorde egentlig ingenting sia me ikkje hadde noko spesielt å rekka å sjå på scena. Det var i alle fall ein kjempekos kveld, og når me kom ned på Tangen var det som alltid masse folk å helsa på, og eg fant Ida! Og hafslobøgdingane som er her i helgi! Til slutt vart det litt kaldt for meg, og eg var berre svolten og ville heim, så eg og Håkon åt pølser i brød til kvelds her hos meg før me slokna! haha :)



Lørdag: Me kom i gang litt seint lørdagen òg, men det var berre fordi Karoline var så treeeeg (neida ♥), så reiste me opp til Henrik. I elleve-tiden når me skulle reisa ned hadde det så klart begynnt å pøse-regna, så eg, Karoline og Truls fekk mammaen til Karoline til å køyra oss ned (woho!), og etter det vart kvelden... berre ikkje heilt som planlagt, og alt var ikkje heilt topp. Men når Karpe kom på scena la me det (nesten) heilt vekk, og eg og Karoline stod fremst og koste oss. Ein skulle virkelig tru at det var høgdepunktet, men neida. Eg, Karoline og Eline, me møtte Chirag etterpå, og me fikk klemklemklem! Åh, lykke! ♥ Fyflate, eg skalv i timar etterpå! Seriøst, so happy I could die ♥ (Hei mobilbilder...)


  • eline - 21.08.2011 kl.18:38

    hihi <3 lykkeeee

    Nina - 21.08.2011 kl.18:59

    eline: ja, fy òg det!! <3

    , Årdal




    hits