Tuesday


Wow, litt kleine bilder kanskje. 

Kvardagen er tilbake, og handa mi går ikkje automatisk mot kengurulomma når eg ser små ungar - dei sikkert 500 russekorti eg har att ligger jo nedpakka og er utgått på dato. Eg er ferdig som russ og det er faktisk deilig å gå i vanlige kle igjen! Spørst kor lenge dét varar... Det var jo tross alt litt deilig og ikkje bry seg om slikt, berre hoppa rett i russebuksa kvar morgon... Men men.

I dag vart eg innleigd som fotograf for Janni sitt framtidige nye bloggdesign, så me farta litt rundt omkring og tok mange tullebilder og litt fine bilder. Me hadde det i alle fall veldig kjekt, og som de kan sjå over fikk eg ho til å ta bilder av meg òg. Sukk, hadde berre kvardagen vore så enkel. Da skulle eg ha oppdatert hyppigare! 


  • , Årdal




    hits