#3: Min dag i detaljar

Previous - 1: Fakta om deg sjølv 2: 10 likar & likar ikkje

Morsomt at eg aldri kom lenger enn til punkt tre på utfordringen. Jaja, som forventa kan ein vel kanskje sei. Men grunnen var at punkt tre var litt vanskelig å komma i gang med, for ein må jo vera klar over at ein skal gjennomføra den den dagen ein skal det, skjønnar? Må jo nesten vera planlagt, så derfor bestemte eg meg i går for at i dag skal eg berre gjera det, uansett kor kjedlig dagen min er. Så der, værsegod: dagen min i detaljar.


Klokka ni i dag tidlig gjekk alarmen min av. Eg stirra litt i taket og manna meg opp til å gripa dagen før eg tok på meg kleda eg så fint hadde lagt fram kvelden før. Buksa var forresten nyvaska og dermed lite samarbeidsvillig. Etter å ha tatt på meg maska (altså sminke) på badet lagde eg meg frukost som eg fikk i meg mens eg oppdaterte meg på sosiale medier. Etter maten hadde landa i magen tok eg på meg bobliss og sko - skuledagen stod for tur. Eg har egentlig eit ganske så perfekt tidsskjema om morgonen, rett og slett perfekt tima og tilrettelagt (for at eg kan sova lengst mulig).


På skulen hadde me forelesning i faget Informasjonsgrafikk, denna gangen om geografisk informasjon og kartografi (ja, for detta skal jo vera detaljert). Eg og Tina koste oss veldig, spesielt happy for at me fikk gå heim enda tidligare enn det timeplanen egentlig sa. Så litt over tolv var eg heime igjen, og da satt eg meg ned med macen og starta på detta legendariske blogginnlegget. Akkurat så langt kom eg med det.


Etter litt TV-tid i stova (TV på dagtid er virkelig ikkje mykje å skryta over...) begynnte eg så vidt å pakka til eg reiser heim i morgon (yaay!). Eg er vel egentlig ferdig, kun litt småting igjen. Ellers hadde eg bestemt meg for å gjera minst eitt delkapittel i trykksakproduksjon i dag, så det vart gjort før eg reiste på butikken og handla inn til dagens middag. 


Etter middag hoppa eg inn i joggebuksa og hadde litt chilletid framfor TV-en igjen - me snakkar Deal or no deal, Oppgrader og Big Bang Theory. Etter sofaslitingen bretta eg saman nyvaska kle og fikk dei på plass i skapet. Ikkje lenge etterpå var det på tide å gjera seg klar for handballtrening, så da fikk eg på meg treningskle og følte meg med ein gang sjukt sporty. Klokka ni begynte handballtreningen, og på vegen heim konkluderte eg og Isabel med at me hadde hatt det moro og var godt fornøgde. No har eg til og med betalt for medlemskap og skrive meg opp på lista. Wow!


Vel heime igjen tok eg eit random selfie før eg slo meg ned i sofaen, denna gangen med god samvittighet. Ganske kjapt lagde eg meg litt kveldsmat (hehe, variert kosthold sa du?) ooooooog... tok fram macen og gjorde ferdig detta innlegget. Åh, herregud så deilig å vera ferdig (sjukt stress å vera bloggar..). No ventar dusjen og sengi på meg. Kanskje det blir ein episode Revenge òg. Så jo da, nok ein fantastisk dag i mitt liv!

To come - 4: Fem stadar du vil besøka 5: Om du måtte leva på ein matrett og ei drikkevara resten av livet, kva ville det vera? 6: Fem bilder av kjendiscrush 7: Konsertar du har vore på 8: Eit bilde av det du hadde på deg i dag 9: Eit bilde av handskrifta di 10: Eit bilde av deg sjølv 11: Rare ting du gjer når du er aleina 12: Korleis har du endra deg dei to siste åra? 13: Fem ting du ønsker deg 14: Det du åt i dag 15: Fem ting som irriterar deg ved det motsette/same kjønn 16: Noko du bekymrar deg for 17: Sivilstatus 18: Drømmedaten 19: Noko som alltid får deg i bedre humør 20: Den månaden du var mest lykkelig i år og kvifor 21: Noko du alltid tenker "Kva om?" om 22: Dine tre favorittsangar atm 23: Ti måtar å vinna hjertet ditt på 24: Ting du likar og mislikar om deg sjølv 25: Søskena dine 26: Ti ting folk ikkje forventar av deg 27: Siste innkjøp 28: Kallenavna dine og korleis du fekk dei 29: Eit bilde fra da du var liten 30: Kva endra seg denne månaden og korleis håpar du neste månad blir


  • LiseMette - 30.01.2014 kl.00:07

    Eg tykkjer du kan blogga slik kvar dag! :)

    theresekristina - 30.01.2014 kl.01:42

    Det var kjekt å lese sjølv om du synst det var stress å lage :)

    LifebyCamilla - 30.01.2014 kl.16:38

    Dette var et artig innlegg :-)

    , Årdal




    hits