Home

No er eg heime. Heime i Årdal, heime hos Pappa og heime i sengi mi. Veldig fint å vera heime, trur eg har savna det enda litt meir enn det eg trudde. Det er jo litt merkelig å ha alle kleda mine i ein bag her, men fortsatt veldig fint. 


("Illustrasjonsbilde", hyllene er nemlig meir tomme slik det ser ut her no.)

Fredagskveld kom eg over fjellet og dagane har forsvunne fort sidan det. Eg reiser ikkje tilbake til Gjøvik før på torsdag, så eg har fortsatt eit par dagar igjen her. Deilig med langfri! Så langt har det blitt eit par familiebesøk og i kveld hadde eg koslig catch-up i sofaen hos Janni. Dei neste dagane skal det bli både Sogndalsbesøk, tannlegebesøk og ein tur innom kinarestauranten! Virkelig travle dagar altså (heh..), men eg teker meg god tid til å berre sitta i godstolen her i stova òg! Viktig. No skal eg kræsja puta og venta på at Håkon som jobbar natt kjem og legger seg med meg - god natt! :)


  • Anette - 17.09.2013 kl.10:24

    åhh, eg gleder meg litt til å kome heim eg òg, men det blir ikkje før i studieveka mi, aka 11. oktober. det eg er redd for, er om eg kjem til tanken "åh, vil ikkje tilbake til volda, vil ikkje tilbake til volda"....

    Marita Solheim - 17.09.2013 kl.13:13

    Åh, eg skal heim torsdag :-D Det blir rart, men deilig :D

    Tea - 18.09.2013 kl.20:39

    Ååååh, da va so godt å sjå deg igjen <3333

    frknondal // janne-kristin - 19.09.2013 kl.13:18

    fantastisk å sjå deg igjen <33333

    , Årdal




    hits