We don't play around..



Både i går og i dag har eg hatt studiedagar heime, og aldri før har eg vore så lite effektiv og samtidig så irritert på meg sjølv. Eg har ein innlevering til fredag, greit nok at det kanskje er vanskelig, men ein må jo faktisk berre komma i gang for å bli ferdig. Målet er å bli heiltheilt ferdig i dag, men eg tvilar. Den "andre delen" av topploket mitt seier at eg har jo heile dagen i morgon òg. Men nei. Litt sjølvdisiplin skal eg vel klara å finna.

Og jada, skuleprat er kjedlig, men ellers foregår det lite for min del.. Eg kom meg ikkje opp før i elleve-tiden i dag, da hoppa eg rett i dusjen og etterpå rett inn i ein stor, god gensar. Til frukosten vart det ein episode Grey's Anatomy før eg skulle starta med skulearbeidet, og etter eit par avsnitt har eg no nettopp hatt ein pause med ein kopp kakao. Det går sakte men sikkert framover i alle fall! Let's just get this over with.


  • thea - 03.10.2013 kl.02:47

    du må komma heim når eg e heime, e altfor lenge sia sist ninussen <3

    , Årdal




    hits