07/10/2013





Eg trur eg undervurderar høsten. Det er jo så veldig, veldig fint! Egentlig er det berre det at det blir kaldare eg mislikar, men for min del er nettopp det nok i seg sjølv. Eg er ein skikkelig frostpinne og syns kulden allerede har vore her ei stund no. Det er kaldt på nasen og det er kaldt på øyrene når eg går ute. Eg skrur opp varmen på badet, Susanne skrur ned. Sukk.



Bildene tok eg på veg heim fra skulen i dag, lykkelig for at me vart ferdig tidligare enn det timeplanen sa. No har eg nettopp skrive handlelista og planlagt eit par middagar framover - så flink eg er! Haha, det med middagar er såå mykje vanskeligare enn eg hadde trudd..! Men men, ellers er det informasjons- og publiseringsteknologi som helst skal ha min fulle oppmerksomhet store delar av dagen. Oh joy.


  • Iselin Renée - 07.10.2013 kl.14:03

    Veldig fine bilder!

    Sandra Børstad - 07.10.2013 kl.23:23

    Fine bilder :D

    , Årdal




    hits