TV Shows

For eit par år sidan (haha, morsomt at eg har hatt blogg så lenge at eg kan skriva sånt..) skreiv eg eit innlegg om mine favoritt tv-seriar, det kan de sjå her. Sidan den gang har eg brukt mange-mange timar framfor både TV- og dataskjermen med fleire ulike seriar. Nettopp derfor er det på tide å utvida med eit par tips til!




Revenge: Denna serien begynnte eg på no i juleferien og eg vart veldig fort hekta - straks ferdig med første sesong! Serien handlar om Amanda Clarke som utgjer seg for å vera Emily Thorne. Ho reiser tilbake til The Hamptons for å ta hevn på dei som gjorde at faren hennas vart sendt uskyldig i fengsel og seinare drept. Veldig spennande serie!


Beauty & The Beast: Denna serien likte eg veldig godt, veldig fort! Dei aller fleste kjenner vel til "skjønnheten og udyret"-historien, og denna serien baserar seg på ein spennande vri av den! Serien handlar om den supertøffe politidama Catherine Chandler og fantastiske Vincent Keller (♥). Love and all that drama..!


New Girl: Veldig morsom serie der eg er superfan av omtrent alle karakterane (spesielt Schmidt)! Episodane er kortare enn vanlig og varar eit-par-og-tjue-minutt, og er derfor perfekt viss eg nett trenger å kobla litt ut. Serien handlar om Jess som flytter inn i ein leilighet med tre andre gutar (derfor "New Girl") og dei er ein fantastisk vennegjeng som finner på mykje tull og moro. Veldig morsom underholdning for min del i alle fall!


Nashville: Musikkentusiasten i meg fikk meg til å starta på denna serien. Nashville handlar da sjølvsagt om musikk, og da er det sjølvsagt snakk om countrymusikk. Serien følger dei konkurrerande artistane Juliette Barnes og "legenden" Rayna James - og ein del andre mindre artistar og låtskrivarar som håpar på eit gjennombrudd. Ein får eit lite innblikk i musikkverden og alt som følger med. I tillegg er det sjølvsagt ein god dose drama og kjærlighet her òg!



Ellers kan det vel nevnast, for Susanne si skyld, at eg òg ser på Vampire Diaries. Damon er virkelig mannen i mitt liv. Og ellers burde Grey's Anatomy ha blitt nevnt - eg følger sjølvsagt fortsatt med på det, men det har vel egentlig tapt seg litt i løpet av dei siste sesongane. Men eg må jo få det med meg uansett! 

Og eg tek gjerne i mot tips - får aldri nok av gode TV-seriar ♥


  • Nicole - 12.01.2014 kl.18:31

    American Horror Story! Trur det er favorittserien min nokon gong.

    Susanne - 12.01.2014 kl.18:35

    Hiihihi :D

    Nina - 12.01.2014 kl.18:36

    Nicole: Har faktisk sett på det! Såg første sesongen, men begynnte aldri på sesong nr to - kanskje på tide!

    Isabella - 12.01.2014 kl.18:55

    Svar: men desamma finis!!

    marita elv. - 12.01.2014 kl.19:47

    happy endings og legit!

    desorientert - 12.01.2014 kl.20:59

    nashville <3

    LiseMette - 13.01.2014 kl.18:17

    game of thrones :P (kom igjeeen, du veit du vil)

    , Årdal




    hits