#4: 5 Places to visit

Previous - 1: Fakta om deg sjølv 2: 10 likar & likar ikkje 3: Min dag i detaljar



Photo1, Photo2

New York vil nok trona lista over stadar eg vil besøka ganske så lenge. Tenk å stå midt i Times Square omringa av blinkande lys, skyskraparar, gule taxiar og folkehav. Eg veit egentlig ikkje heilt korleis eller kvifor eg har fått ein sånn fascinasjon for New York, men eg trur at det berre må opplevast. *Kryssar fingrane for at ein gang*


Photo1, Photo2

Ein skikkelig storbyferie i Paris er vel ikkje akkurat noko å sei nei takk til. Eg trur nesten min største drøm her i livet er å ta eit bilde av Eiffeltårnet. Okei da, eitt av Eiffeltårnet og eitt av meg framfor Eiffeltårnet som bevis.

Photo1, Photo2

Barbados. Tenk å reisa til ein slik plass og berre nyta livet. Det treng kanskje ikkje akkurat vera Barbados, dei fleste plassar med lange sandstrender, palmetre og knallblå himmel som møter knallblått hav er absolutt godkjent. Eksotisk luksus. Jatakk, jatakk.

Photo1, Photo2

For å møta ein heilt anna kultur - Thailand.

Photo1, Photo2

Dubai. Rett og slett, Dubai.



Okei, confession. Å velga fem plassar å reisa til, av heile verda, er veldig, veldig vanskelig. Eg har lyst til å sjå litt av alt eg, og det kan variera fra dag til dag kva plass eg er mest gira på. New York og Paris har eg jo nevnt tidligare og dei står jo ganske på topp, men misforstå meg ikkje, det er ikkje sånn at eg ikkje vil til Barbados, Thailand og Dubai altså! Men åh ja, klarar ikkje å få fram kva eg meiner her. Eg kunne veldig gjerne ha reist verda rundt, okei?

To come - 5: Om du måtte leva på ein matrett og ei drikkevara resten av livet, kva ville det vera? 6: Fem bilder av kjendiscrush 7: Konsertar du har vore på 8: Eit bilde av det du hadde på deg i dag 9: Eit bilde av handskrifta di 10: Eit bilde av deg sjølv 11: Rare ting du gjer når du er aleina 12: Korleis har du endra deg dei to siste åra? 13: Fem ting du ønsker deg 14: Det du åt i dag 15: Fem ting som irriterar deg ved det motsette/same kjønn 16: Noko du bekymrar deg for 17: Sivilstatus 18: Drømmedaten 19: Noko som alltid får deg i bedre humør 20: Den månaden du var mest lykkelig i år og kvifor 21: Noko du alltid tenker "Kva om?" om 22: Dine tre favorittsangar atm 23: Ti måtar å vinna hjertet ditt på 24: Ting du likar og mislikar om deg sjølv 25: Søskena dine 26: Ti ting folk ikkje forventar av deg 27: Siste innkjøp 28: Kallenavna dine og korleis du fekk dei 29: Eit bilde fra da du var liten 30: Kva endra seg denne månaden og korleis håpar du neste månad blir


  • Susanne - 08.02.2014 kl.00:51

    Du e flink no Ninz, keep up the good work :D

    , Årdal




    hits