Challenge #5

Previous - 1: Fakta om deg sjølv 2: 10 likar & likar ikkje 3: Min dag i detaljar 4: Fem stadar du vil besøka



Når det gjeld kva eg vil ha i glaset er valget ganske så enkelt. Vatn, vatn og vatn - ingenting er vel bedre enn iskaldt vatn! Før drakk eg som regel, og veldig ofte, saft og syns det var merkelig å berre drikka vatn (ja, faktisk merkelig), men etter eg flytta ut ville eg ikkje bruka pengar på unødvendige ting, som for eksempel saft, og da har det kun blitt vatn. I begynnelsen kjøpte eg meg kanskje ei flaska med solo til helgene, men til og med det har eg droppa. Brus fristar egentlig ikkje spesielt mykje lenger, og saft smakar langt i fra som det gjorde før. Vatn er best.

Matretten er derimot meir vanskelig. Eg lever jo ikkje eit spesielt variert kosthold og dei (dei fleste vil vel sei få) matrettane eg eter går fint på rullering og eg er veldig glad i dei alle. Eg sliter med å velga vekk spaghetti, men tacoen går nok av med seieren. Med taco kan ein jo variera innholdet som ein vil i tillegg til at det er superenkelt! I dag åt eg forresten restar fra fredagstacoen, viss du lurte. (No fikk eg litt lyst til å nevna biffgryta, potetstappa og pannekaker ala paps, tandoori, fiskebollar, steikels og mommo sin brune saus +++) Eg er glad i mat da.

To come - 6: Fem bilder av kjendiscrush 7: Konsertar du har vore på 8: Eit bilde av det du hadde på deg i dag 9: Eit bilde av handskrifta di 10: Eit bilde av deg sjølv 11: Rare ting du gjer når du er aleina 12: Korleis har du endra deg dei to siste åra? 13: Fem ting du ønsker deg 14: Det du åt i dag 15: Fem ting som irriterar deg ved det motsette/same kjønn 16: Noko du bekymrar deg for 17: Sivilstatus 18: Drømmedaten 19: Noko som alltid får deg i bedre humør 20: Den månaden du var mest lykkelig i år og kvifor 21: Noko du alltid tenker "Kva om?" om 22: Dine tre favorittsangar atm 23: Ti måtar å vinna hjertet ditt på 24: Ting du likar og mislikar om deg sjølv 25: Søskena dine 26: Ti ting folk ikkje forventar av deg 27: Siste innkjøp 28: Kallenavna dine og korleis du fekk dei 29: Eit bilde fra da du var liten 30: Kva endra seg denne månaden og korleis håpar du neste månad blir?


  • Anya Elice - 16.02.2014 kl.23:34

    Taco er heerlig, og farlig godt! Får eg lov å stjele "challenge'n" ? :)

    , Årdal




    hits