Balloons



I dag er dagen her - eg har bursdag og har blitt heile tjue år gammal! Dagen har egentlig gått over alle forventingar, men slik går det vel egentlig når ein ikkje har spesielt med forventingar. Stod opp i dag tidlig til gratulasjonshelsing klistra på døri mi, fleire søte post-it-lappar rundt om kring som på spegelen og til og med inni skoen min! På skulen gjorde Tina dagen min bedre med sjokolade, og når eg kom heim låg det både presang, kort og pakke fra ebay på sengi mi - og ikkje minst sto det servert muffins på skrivebordet. No har eg nettopp komme att fra ein aldri så liten bursdagsmiddag på Egon, og skal straks til å hoppa inn i treningskleda for ei liti økt med handballen. Så heldig eg er som har så mange flotte folk rundt meg ♥ Tusen takk til alle som har gjort dagen min så finfin!


  • atlantean - 12.02.2014 kl.20:16

    Gratulerer med dagen!

    Andrea Ramstad Aatlo - 12.02.2014 kl.20:21

    Gratulerer med dagen :)

    Anette - 12.02.2014 kl.22:03

    Gratulera så mykje med dagen :D

    , Årdal




    hits