Negative energy

Eg er jo, som dei fleste veit, ein ganske negativ person av natur. Akkurat dét er ein ting eg prøver å holda litt tilbake her på bloggen, for det er jo egentlig ikkje spesielt morsomt å lesa om klaging og syting i så altfor store mengder (joda LM, i nokon tilfelle går det bra). Men ein plass går grensa, og det er visst her. 



Eg er så fantastisk lei. Da eg kom tilbake til Gjøvik etter ein tipptopp vinterferie heime i kjære Årdal var det nesten som om eg traff veggen. Eg er lei, eg er sliten, eg vil ikkje meir, alt er berre bås. Eg vil heim igjen. Det er så masse på éin gang, så mange ting eg burde gjera men aldri kjem i gang med.. Eg likar å tru at eg kanskje har ein form for vinterdepresjon. At alt skal bli fint så fort snøen smeltar heilt og all gjørma er bortevekk. Eg tek ein dag om gangen.

Men det går fint altså. Heilt sant. I dag er det sol og blå himmel. 


  • LiseMette - 09.03.2014 kl.16:33

    tykkjer du eg klagar mykje?? ser ikkje den altso.

    neida. og ein ting; viss den "happy"-sangen fortsette å vera lika ofte på radio som no, so kjem snart til å myrda...noko.

    elinus - 10.03.2014 kl.17:00

    <3!!!

    Susanne - 10.03.2014 kl.23:28

    Ninz Rønz, detta er berre vinterdepresjon going on! Berre vent, når snøen er vekke, tempen e høgare, du kan ha på deg lave converse uten å frysa på anklane og du kan henga vekk vinterjakka... Dét er ein god tanke, vel? Når du er ferdig med eksamen 28. mai og har berre eit par innleveringar igjen før det faktisk er sommarferie og Årdal i to månadar <3 (hale-fucking-lujah to that) og så er det jo ikkje lenge til påskeferie heller, tenk på det!

    We are gonna be fine, I promise :*

    , Årdal




    hits