13/03/2014



Det kan virka som om det var eit par som kanskje vart litt bekymra etter forrige innlegg (♥), men det går egentlig heilt fint med meg. Eg er berre sliten og har som sagt ein god del skulearbeid som eg ikkje heilt ser slutten på framfor meg, men slik er det jo berre av og til! Smil. I dag tidlig gjekk eg til skulen i converse og med solbriller på og det er merkelig kor mykje slikt gjer med humøret.  

I dag sitter eg med litt skissearbeid; skisser til logo og skisser til plakat. Så er det egentlig ein del andre ting eg burde jobba med òg, men det får nesten berre venta. Ellers kom stipendet i dag, veldig etterlengta, og eg har tatt meg helg. Mest sannsynlig i alle fall. Tiden går heldigvis fantastisk fort, så plutselig er det jo påskeferie! *Plis*


  • , Årdal




    hits