Recap: Påskefjellet

Oioioi, plutselig var det gått over ei veka sidan sist! Eg har i alle fall ein halvgod unnskyldning ettersom eg har vore på hytta uten internett sidan skjærtorsdag. Me kom heim i går kveld fordi LM hadde planar for dagen i dag, men eg kunne egentlig tenkt meg å vore der enda litt lenger. Fine dagar i påskesol, nesten heilt sminkefri og avkobla fra internett - det er noko heilt spesielt med det altså. Under får de eit aldri så lite bildedryss fra dei siste dagane på fjellet.




1: Kom opp til ei litt kald hytta så strikkasokkane kom sjølvsagt fort på plass. 2: Pappa serverte ekstra fin frukost på langfredag før me skulle ut på langtur - eventuelt hadde det kanskje litt med at me hadde fint besøk, Eline var nemlig med oss torsdag til fredag! Fine baguettar såg eg ikkje att etter ho reiste, da vart det kun grovbrød. Hmf. 3: Her var eg klar for tur i finvêret, men først måtte eg sjølvsagt ta ein selfie. Med solbriller.


4: Finfin utsikt over Torolmen på veg opp til Langleiskardnosi. 5: Her sitter me i "basen" vår nederst i den utvalgte bakken vår som me gjekk opp og køyrte ned eit par gangar, frikøyrarar som me er. Supert med solsleiking-kvikklunsj-appelsin-drikke-pause i mellom. Og ja, Eline med dei tøffe brillene sine. 6: Trugespor! Ettersom eg har så labert skiutstyr vart det til at eg gjekk på truger oppover, truger eg ikkje eingang visste eg hadde. Det heile er ein lang trugehistorie...


7: Basecamp selfie. 8: Skyfri himmel og sol, utrulig heldige med vêret altså! Her ser ein forresten litt av toppen nokon av oss (inkluderar ikkje LM) gjekk opp til og køyrte ned ifra. Eg tek meg òg friheten til å sei at Eline hadde eit klassisk fall i første svingen ned derifra, fantastisk! 9: Skispora våre i bakgrunnen og tre par flotte ski, heh. 


10: På kvelden tvinga eg LM og Pappa til å spela masse spel med meg for slikt er eg så altfor glad i. Eg likar å tru at dei likar det litt òg. Sjølv om det er for det meste eg som vinner, tehe. 11: Gjekk til sengs på hemsen, sliten og solbrent fredagskveld. 12: Påskeafta reiste me på besøk til Jentespranget - hytta til mommo og bestefar på Tyinkrysset. Der vart me servert både vafler og ein meget bra ribbemiddag! Fikk heldigvis med oss restar.


13: Trugene ♥ ...av ypparste kvalitet! Søndag tok me oss nemlig enda ein tur før me skulle ned igjen fra hytta. 14: LM sånn ca kvart femte minutt. 15: Kvikk lunsj, den beste tursjokoladen. Prikken over i-en.


  • theresekristina - 22.04.2014 kl.17:04

    For ei herlig påske :D

    Eline - 26.04.2014 kl.20:14

    DET BESTE med heile påsken min <3 <3 haha, fallet mitt er ikkje verdt å nevna din løk.......

    , Årdal




    hits