Back to basics

Da befant eg meg plutselig på Gjøvik igjen! Bussa hitover i dag tidlig og har brukt dagen på fint lite. Eg har pakka ut og laga meg middag og tenkt veldig mykje på oppgava eg burde gjera og skal presentera på onsdag - for jada, no er me tilbake til skulearbeidet og skulemaset mitt (som egentlig aldri slutta). Veit egentlig ikkje kor lenge eg blir her før eg reiser heim igjen, har nemlig veldig lite forelesningar og slikt framover så det blir vel for det meste pugging og jobbing på eiga hand. 17. mai skal i alle fall feirast heime, det er snickers og twist.

Ellers hadde eg i alle fall ein super påskeferie! Det var ikkje spesielt mykje som kom med på bloggen - utenom hyttetur og solsteiking på altanen var det faktisk enda ein del eg fikk tid til! Eg var på kafèen og drakk iste, både med Ida og med Endre. Eg var på fotballkamp og såg Sogndal slå Årdal (wohooo). Hadde ein skikkelig koslig kveld med Marianne og Eline og pizzakos og catch-up. Så fikk eg òg eit par koslige kveldsbesøk av Idus - så holdt eg på å glømma at det var Påskerock; fest og moro og gjensynsglede med bygdefolket! Finfint ♥


  • Victoria Wisløff - 28.04.2014 kl.20:46

    Herlig blogg du har! Håper du har hatt en fin start på den nye uka :)

    theresekristina - 28.04.2014 kl.20:51

    Høyres ut som ei deiiilig påske :)

    Ida - 29.04.2014 kl.09:33

    deilig å ha deg heima! lika at det ikkje er så lenge til nestegang <3

    , Årdal




    hits