Fun in the sun



I dag har det vore heilt suuupert vêr! Eg måtte sjølvsagt utnytta det, så i dag la eg meg på altanen for å prøva å få litt farge på kroppen. Prøvde òg å få til litt eksamenslesing, men det var enklare tenkt enn gjort. Jaja, får ta det att når eg kjem tilbake til Gjøvik, så vart detta heller min siste dag "i paradis" før eksamen. Etter eit par timar i soli reiste eg, litt raudare, med Ida opp i Øvre og der tok me med oss Thea og Tonje på kiosken for å få i oss litt is. Prikken over i-en på ein solskinnsdag. No er eg pakka og klar for den siste veka på Gjøvik før sommarferien. (Yes!)


  • theresekristina - 20.05.2014 kl.23:29

    Skikkelig sommar allereie, elska det :)

    Sarah Elise - 22.05.2014 kl.18:39

    Lykke til på eksamen :) Måtte skippe lesing til fordel for sola idag jeg også, haha...

    Jannicke - 22.05.2014 kl.20:23

    Så herlig! :D lykke til på eksamen!

    , Årdal




    hits