Mannen i mitt liv

...fyller i dag heile 50 år! Hadde det ikkje vore for at barten har fått eit par (ein del) grå hår og at ryggen innimellom sviktar han totalt skulle ein ikkje tru det. Eg er sikker på at han fortsatt er sprekare enn det eg nokon gong vil bli - i skrivande stund er han liksom på vandring i Jotunheimen ein plass. Eg forhåndsskriver nemlig detta innlegget ettersom eg ikkje er heime på Pappa sin bursdag, for da er eg i Roma. Kjipt å ikkje vera heime når bamsefar blir femti år, men men, det hjelper å tenka på at han som regel pleier å rømma til toppen av eit fjell på bursdagane sine (og eit par av mine) uansett.   


(Fin dag på sjøen med Paps på denna tiden i fjor)

Opp igjennom åra har eg fleire gongar fått høyra av andre at Pappa er så snill, at han er så morsom, at eg er så heldig for at Pappa er min pappa. Det er det faktisk ingen som trenger å fortella meg, for det veit eg. Min pappa er fantastisk. Han er ein Superpappa som kan det meste - alt fra å sy opp og inn og att og fram alle kle, til å laga verdens beste pannekaker og å få liv i Macladarar når dei dør. Berre så de veit det.

Gratulerar med dagen Pappa, du er best ♥ Veldig glad i deg og håpar du får ein finfin dag. Kanskje lagar eg ei kaka neste gang eg er heime, ein veit aldri. Internett-kos-og-klems fra meg. (Du begynnar jo å dra på åra, så litt hjelp skal du få; ho yngste. Nina.)


  • LiseMette - 07.09.2014 kl.13:33

    Nåw (eg klara ikkje toppa detta) <3

    Susanne - 10.09.2014 kl.10:18

    Åååh, happy birthday pappaKjell! :D

    , Årdal




    hits