Ja, takk
... til fleire solskinsdagar som denna! Når vêret er som detta er det nesten heilt OK at eg har fint lite å gjera om dagane. Gull verdt. Litt før tolv i dag reiste eg på kafèen med Ida. Me koste oss ein god time og da me reiste derfra var eg veldig fornøgd med at det hadde klarna opp og at himmelen var så fin og blå. Da er det jo kun ein ting å gjera; kasta kleda, hoppa inn i bikinien og legga seg langflat på altanen. And so I did. Med nasen i ei bok låg eg altså ute omtrent heilt til soli gjekk ned. Fint!
Må nesten le litt av meg sjølv òg. På grunn av mangel på anna interessant litteratur går det for det meste i bøkene som står i bokhylla her - bøker etter Mamma som ho fikk i ein eller anna bokklubb. Derfor syns eg det er så fint når det kjem ein flekk eller eit eller anna som tydar på tidlegare bruk av bøkene. "Oida Mamma, kva har du sølt her da...". Litt fint det òg!
Yasemin. - 13.06.2014 kl.21:45
Rebecca Askildsen - 13.06.2014 kl.22:58
LiseMette - 13.06.2014 kl.23:13
Eline - 14.06.2014 kl.02:52
Nina - 15.06.2014 kl.00:31
Ida - 16.06.2014 kl.00:32