Footprints



1: (Ein eller anna dag for ikkje så veldig lenge sidan) LM har fått pakke i posten og det er tjue minutt til postkontoret stenger. "VIl du bli med?". Til slutt blir eg motvillig med og seier at eg kjem til å sitta i bilen. Eg har ikkje sminke på og ser shabby ut til tusen, kan ikkje visa meg sånn midt på torget. Eg sit i bilen til LM kjem tilbake med pakken sin. Me skulle kjøpa lakris til Pappa - "er Kiwi fortsatt opent?". Kiwi er fortsatt opent, eg vil ha godteri, eg blir med. Dei hadde ikkje sure pærer i smågodthylla.. Det blir grandis. 

2: Lørdag. Me sitter ute hos Tonje. Eg, Susanne og Tonje. Eg har blitt overbevist til å vera med "ut". Riktignok ikkje heilt overbevist, eg tok kun med eit par cider og tenkte å vera med fram til dei skulle farta vidare. Tonje serverar potetgull av topp kvalitet, Susanne skaffar sjokolade og me har det kjempekoslig! På grunn av vegstengingen mellom Øvre og Tangen må eg komma meg av gårde litt før klokka tolv, eg vil jo ikkje vera i Øvre heile natti. I bilen på veg heim angrar eg litt. Men berre pittelitt. 

3: I dag, søndag. Me har nettopp komme fram til siste stopp i Offerdalen og legger oss ganske fort langflate i solsteiken på brygga ved sjøen. Tidlegare har Susanne vore turistguide for meg og Tonje, me har blant anna fått høyrt om skulehus, basarar og fått ein omvisning i det gamle huset hennas. Det er litt for mykje vind, men med håret i hestehale går det fint. Det er så fantastisk fint rundt oss og eg blir fascinert av å tenka på korleis det ein gang i tiden har vore der. Eg er garantert enda meir solbrent enn eg var fra før.


  • LiseMette - 15.06.2014 kl.19:30

    Eg likte detta innlegge :) Meir sånt :)

    Susanne - 15.06.2014 kl.23:44

    Detta innlegge likte eg, Ninz!

    , Årdal




    hits