Avlyst



Okeeeeeeei, det første utkastet eg skreiv om helgi vart så langt at eg ikkje orka lesa gjennom det eingong, så her kjem heller eit par hovudpunkt:

 Fredagen var dødsbra! Starta tidlig med Bernhoft som hadde ein topp konsert (berre synd at himmelen plutselig skulle opna seg).  Me hoppa og dansa og sang til Gabrielle, kjempemoro! Plutselig var klokka tusen og fredagen var forsvunne. Lørdagen var eg for første gong med fram i Skåri og fikk med meg musikken der òg - kjempebra stemning, så eg angrar ikkje på det. Sjølv om me måtte venta på bussen i ein god halvtime.  På veg til vors litt seinare på kvelden bobla det i magen fordi eg skulle på konsert med Karpe Diem (min #8) og eg klarte ikkje lenger å holda tilbake all Karpe-pratet. (Unnskyld, venner.)  Litt sliten jentegjeng på vors lørdagskveld etter gårsdagen, men det tok seg fort opp. Til det plutselig sa stopp og vinden tok over. Resten av MålRocken vart avlyst før eg i det heile tatt var innom området på lørdagen - så slik gjekk det!  Fikk uansett dansa til låtar spelt av DJensomheterMarius og helst på både Chirag og Magdi (kosogklemz sjølvsagt kremtkremt). Veldig, veldig, veldig bra helg! Det mangla kun ein Karpe-konsert. Men sikkerhet går sjølvsagt først.

Ja, det var fortsatt altfor langt faktisk, men det får gå. No skal eg straks vera med ein finfin jentegjeng!


  • Kine M. Karlsen - 11.08.2014 kl.19:20

    kos deg masse med jentene :)

    , Årdal




    hits