Roma 2014 pt. I

For ei bra veka eg har hatt i Roma! Landa trygt i Norge i går - ein kvit topp, ei solkremflaska og mange bilder av meir og mindre kjente monument, obeliskar og diverse andre bygningar rikare. Studieturen eg var litt redd for at kanskje kom til å bli meir som ein treningsleir har overgått alle forventningar! Joda, det var i eit bra tempo me suste gjennom det historiske sentrum og varmen var til tider veldig voldsom - men det gjekk veldig, veldig fint! Her kjem eit pittelitt hultertilbulter Roma-blogginnlegg.


Titus-bogen*


Petersplassen*

Sjølv om eg har vore i Roma ein gang tidlegare har eg no fått med meg enda meir som er verdt å sjå i Italia sin hovudstad. Denna gangen var eg til og med inne i Peterskirka! Forrige gang orka me ikkje tanken på køen i solsteiken, men den viste seg å gå veldig fort unna. Heldigvis. 


Domkirka i Roma, San Giovanni in Laterano* (+ dei to neste bildene)



Til dei som lurer så har skuledelen av denna turen vore å reist rundt omkring i Roma og studert diverse innskrifter og innskriftsfragment. Fokuset var på blant anna klassisk romersk versalskrift fra antikken - fontnerden i meg har kost seg overmasse.



Colosseum gjekk me kun kjapt forbi på veg til noko anna, så mitt ønske om å få ta i alle fall eitt bra bilde av det gjekk ikkje heilt heim. Ein måtte liksom berre knipsa vilt i forbifarten. Det eg egentlig hadde lyst til var jo å ha eit bilde av meg sjølv framfor Colosseum ettersom eg ikkje tok det ved forrige besøk, men den tanken la eg fort fra meg (tok ein del selfies med iPhonen da). 




Monumento Ai Caduti*

På det siste bildet her; meg og mine fantastiske roomies for turen. Var heldig med den da, irriterande koslig har me hatt det på handicap-rommet vårt! Number 10 ♥ Haha, egentlig veldig morsomt. Da me først såg rommet me skulle bu på under turen var me ikkje akkurat kjempefornøgde, men etter å ha fått besøk fra andre klassekameratar som viste seg å vera sjukt imponert over rommet vårt lærte me oss fort å lika det!

(PS: Roma pt. II + eit litt mindre "høgtidlig" innlegg (les: innlegg med mobilselfies) kjem)
* = ...hehe, for spesielt interesserte.


  • Cecilia Lithén - 15.09.2014 kl.23:26

    Så fantastiske bilder alle sammen! :D

    Anonym - 15.09.2014 kl.23:33

    Wow! For er sykt gjennomført innlegg! :D

    You cutiepie :*

    LiseMette - 15.09.2014 kl.23:43

    Mine turistbilete ser ikkje sånn ut.... -.-

    theabakken - 16.09.2014 kl.22:37

    åååå eg vil blimed til roma ein gang!!!håpa du koste deg<3<3<3 miss u!!!!

    Nina - 16.09.2014 kl.23:03

    theabakken: Jaaaa, hihi <3 Koste meg masse, det er snickers og twist! Savna deg og, håpa du har the time of your life!!

    , Årdal




    hits