Photo booth

Innan klokka fire på mandag skal eg ha levert ei essayoppgave (i emnet typografihistorie for dei som bryr seg i overkant mykje) og det er for det meste det tiden går til. Men, det er jo når ein har slikt å gjera at bloggen plutselig blir viktig å få i gang igjen! Eg opna derfor Photo Booth og tenkte å gjera eit tappert forsøk på å skaffa litt bildemateriale til eit stakkarslig blogginnlegg. Etter å ha knipsa eitt bilde fant eg ut at det var håplaust. Men, eg reddar det vel fint med ein liten Photo Booth spesial! *Fanfare* Så, her er tolv godt-og-blandet bilder fra bildebiblioteket i min kjære Photo Booth. Så kan de jo alltids prøva å finna dagens tryne!

Hint: eg har ikkje på meg bandana. 

Så, tygg litt på den mens eg fortsetter med essayet.... Eg har som mål å ha ein effektiv god time fram til matlaging og Idol no, men fredag er generelt ein dårlig dag for skulearbeid så eg er litt skeptisk til korleis det skal gå. Jaja, så vart det eit blogginnlegg av det òg.


  • Kjersti - 11.02.2015 kl.07:58

    Sjekk ho der da, babe!!

    , Årdal




    hits