Pointless

Blogghjertet slo eit ekstra slag da Eline kommenterte at ho sakna bloggen min i går.

Eg har egentlig slutta å blogga eg, på ein måte. Ein gang i blant kjem det eit lite innlegg her og eit lite innlegg der, men bloggen er strengt tatt ikkje «oppe og går». Eg veit ikkje om eingang bestefar er innom for å sjå etter oppdateringar lenger, og da har eg vel egentlig tapt. 

Det er litt godt å ikkje blogga, men samtidig savnar eg det og syns det er synd at bloggarkivet blir såpass tomt, det er jo det å bla seg bakover i bloggarkivet som er gøy. Men ja, det har blitt så fantastisk vanskelig å oppdatera her inne. Egentlig vil eg berre dela bilder sidan eg og ord ikkje samarbeidar så godt.. Derfor har Instagram og VSCO blitt mine nye bestevenner framfor bloggen.

Det går sakte men sikkert opp for meg at eg ikkje anar kor eg vil med detta innlegget. Egentlig ville eg skriva litt om korleis eg har det for tiden og kva eg driv med sidan eg tydeligvis aldri har tid til blogging, men der spora eg vel litt av. 


  • Anette - 15.04.2015 kl.18:26

    Åh, eg føler litt det same som deg. Trur bloggen blei mindre prioritert fordi eg fekk mindre tilbakemeldingar der. Bloggen blei umotiverande, medan Instagram tok over.

    anonym satan - 15.04.2015 kl.21:33

    Føle meg så verdsatt. Ikkje nevnt ein einaste gong!!!!

    Camilla - 16.04.2015 kl.01:12

    Jeg vet hvordan den følelsen er. Hatt den litt selv i det siste. Kjedelig!

    ,




    hits