Bloggen/info

Knock knock, who's there?

Eg har begynnt å tenka litt rundt bloggingen min, og... alt de som les faktisk veit om meg og mitt. Ikkje det at eg skriver spesielt personlige ting, det har eg jo egentlig aldri gjort (ikkje ofte i alle fall), men uansett. Så mange som veit så mykje om meg, og eg veit ikkje kven de er ein gang - det er nesten litt skummelt det! Og det er jo heller ikkje vits i å spørra, for eg er ganske så sikker på at ikkje eingang halvparten hadde svart. Men altså, eg har jo valgt det sjølv! 

Eg lurer liksom på korleis inntrykk dei som ikkje kjenner meg får av meg berre ved å lesa bloggen  - det kan jo ikkje stemma! Trur eg i alle fall.. Eg har tenkt meir på alt sånt no i det siste enn det eg gjorde før, sikkert derfor eg ikkje har blogga så mykje òg.. Alle veit jo om bloggen! Ikkje at eg har noko i mot det, men ja.. Nei, skjønnar ikkje heilt kva eg vil fram til her.. Anywaaaaays... Eg har laga ein liten film fra Londonturen! Veldig random og egentlig kjedlig, men.. Want it? 

My 5 minutes of fame

Eg har sett at det er ein del av dikka som allerede har merka det; mine "five minutes of fame". Eg har nemlig blitt "Ukens blogg" her på blogg.no! Så den vetle ruta over toppbloggarane på framsida av blogg.no is all about me! (Trykk her for å sjå meir) Haha, veldig morsomt å komma heim til høgare statistikk enn vanlig, og faktisk ein del kommentarar! Funkar fint for meg, for det er jo faktisk kjekt med litt respons på bloggen eg brukar så mykje tid på..! :) 

Så er det vel litt typisk at eg egentlig ikkje har tid til bloggen i dag, i morgon er jo d-day; samfunnsfagprøve.. Så eg skal gå å drukna i samfunnsfagboki og venta på at kjæresten skal komma heim :) Så skal eg eta is, hihi. 

Hadetbra til det gamle designet?


Såå, i det siste har eg jobba ein del med eit nytt design til bloggen, og som de sikkert har merka, så har eg allerede tatt det i bruk! Eg var egentlig veldig skeptisk, for no er designet veldig vanlig/standard, og ikkje så veldig "meg" lenger, men.. eg ville ha større bilder, og eg ville prøva noko nytt, var jo tross alt ganske så lei det forrige designet..

Men det som no gjer meg gal er at alle dei forrige innleggi ser heilt feil ut, så eg har faktisk vore innom å fiksa på ein del av dei, men ja.. Det er veldig mange innlegg så eg kjem nok ikkje til å gjera det på alle - which is going to drive me crazyyyyy. Men ja, vad tycks? Skal eg gå for det nye designet og sei hadetbra til det gamle? 

Results please..

Eg hadde jo ein avstemning for ei liti stund sidan (her) for å sjå kva de likte best her på bloggen, og mange var flinke til å svara (sjølv om det fortsatt er ein god del som ikkje var...), og slik vart det:


Sååå... det som er litt morsomt er at alternativet eg var litt usikker på kva eg i det heile tatt meinte med, fikk mest stemmer. "Bilder/bildeseriar" altså. Bilder har eg jo i kvart innlegg, så når eg skreiv det tenkte eg meir på litt... fine bilder, ikkje sånne vanlige "her er eit random bilde eg tok av meg sjølv på iphonen i går" bilder. Men eg veit ikkje heilt eg(?). Men jo, ellers så var jo detta topp! Alltid fint å vita kva folk faktisk vil lesa om så :) Hihi, så takktakktakk! 

Og til dei som stemte på alternativet "noko anna", og ikkje skreiv noko i kommentarfeltet om kva det ville sei, slik eg sa eg da ville de skulle gjera: so not helpful dude. (Går fortsatt an å svara daaa..)

Best på hysteri???

Oh yes, eg har begynnt å gå inn i nok ein periode med bloggturke, og eg treng hjelp. Og egentlig er eg berre litt nysgjerrig òg, eg anar jo ikkje kva de likar å lesa om her på bloggen.. Do tell! :)

Pe ess:
De kan kun stemma èin gang, men de kan stemma på fleire alternativ om de vil - men vær litt strenge med meg! Ellers blir det jo eit ganske dårlig resultat av detta, haha..

kvardagsprat
musikk
klissete stuff om meg og mr. boyfriend
bilder/bildeseriar
spørsmålsrundar, "this years love" osv.
videoar
inspobilder
skuleprat
noko anna

Tusentusentakk, og viss de svarar "noko anna", legg igjen ein kommentar og fortell! :) Det går heilt fint om de legger igjen ein kommentar sånn utenom det òg altså. Viss det er noko anna de vil lesa om liksom. Just sayin'. Og btw, bakgrunnen begynnar seriously å gå meg på nervene.. 

New york street view

Eg følte plutslig for ein forandring her. Men det er typisk at det er bortevekk om under ein time da... 

Eg følte kanskje at den nye bakgrunnen vart altfor mørk, men ja.. Kinda awesome. Men nei. Uff, eg veit ikkje... You tell me.. Eg går sikkert tilbake til den andre i løpet av kvelden! haha.. 

Something new!

Ettersom eg er midt i ein skikkelig bloggturke, fant eg og Marita ut at me skulle prøva på noko nytt! And it's gonna be fun! (For oss i alle fall, hah...) Så, det er egentlig ikkje noko big deal, faktisk ganske enkelt! Me skal stilla kvarandre fem spørsmål, så blir det svart med bilder/tekst :) 

Så spørst det når detta faktisk kjem ut på bloggen da, men eg trur det blir i dag :) I alle fall ikkje seinare enn tomorrow! Og sånn ellers.. eg prøver faktisk å holda bloggen oppegåande! Haha.. 

Okay, bring it!



Kommentar: "Du burde nesten kunne klara deg uten håkon i 2-3 daga .. Kanskje du tilogmed blogga om andre ting, slek som du gjorde før :) Du tar så fine bilder, nina!". ///// Først og fremst; takk for den siste tilføyelsen der! Og ellers så klarar eg meg faktisk uten Håkon, sjølv om eg klagar. Og klagar (og klagar..). Ja, eg bloggar veldig mykje om Håkon, det veit eg. Men det er ærlig talt litt vanskelig å ikkje gjera det, ettersom eg er med han døgnet rundt, og alt eg gjer, det gjer eg med han. Men så klart eg skjønnar at det må vera utrulig kjedelig å lesa om! Eg er jo egentlig ganske så lei bloggen min sjølv.. 

Så hjelp meg litt da vel, kva vil de at eg skal blogga om? Noko de vil ha meir/mindre av? :) Så er det no det hadde vore kjekt om nokon av lesarane mine faktisk kunne ha kommentert! (Hih, i ♥ u) Pe ess: "slek som du gjorde før", eg skjønnar egentlig ikkje den... Eg syns eg kun blogga om skule og eit par kafèbesøk her og der før.. Skulen bablar eg jo fortsatt ein del om, men kafèbesøki har det vel blitt litt færre av, but still.. Eg trur ikkje eg var sååå mykje flinkare før liksom.. Anyways - response please! 

Crapz...

Ja, eg veit at bloggen ser crap ut no. Det har seg nemlig slik at eg ikkje heilt veit korleis eg vil ha han. Så du kan sei at han er under ein slags "oppussing". Altså, ein langvarig oppussing kan du godt rekna med. Så uansett; eg beklagar. Men nei, no er det Paradise! Og btw, eg har jobba med norsken!(!!!)

I like this part


Okei, eg dør litt inni meg kvar gang eg går inn på bloggen min. Serr liksåm. Men åååhh, I don't know what to dooo!(!!!) Alt blir jo berre s-c-h-t-ø-g-g-t uansett. Og hey, eg trur eg har begynnt å blogga som crapk1d igjen, berre sånn.... he-he. (Til dei som ikkje skjønnar; 2 bad 4 u.) Og hey nr. 2, eg hadde jo den derre rle-prøven eg ja, riiiiiight. Får sitta oppe i heile natt å spela doodle-jump øva eg da. Æsj, eg syns det er så teit at eg aldri har vore så care før som eg er no når karakterane mine faktisk gjelder. Men altså, misforstå meg ikkje, eg har supre karakterar ofc, men liksom.... jah, care. Brainstorming no. fett.

Just for the record..

Eg veit at bloggen min ser crap ut no, men... (care!) det får berre vera. Alle seier at bloggen min var finare før, men... (care!) det får berre vera. Eg har ingen idèar lenger (care!), så slik blir det. Oh jooooy... Eg får heller fiksa han til hælja. Right? Anywayz, i dag skal eg øva til rle-prøve. om kristendommen. (S-k-y-t m-e-g.) i'm so happy.

Nobody likes change

Så har det visst blitt litt forandringar her inne òg da. Som du kanskje ser. Eg er tilbake til svart-kvitt-og-grått. Litt meir "meg" altså. (Det var vel kanskje på tide.) Ikkje det at det er så altfor mykje som er forandra da, men headeren er bytta ut og ellers er det berre småting. Egentlig er eg ikkje fornøgd, men eg veit ikkje kva som faktisk skal til for at eg blir fornøgd, for det blir eg stort sett aldri. Så slik blir det i alle fall sjåande ut her, for now. Planen for i dag er å prøva å pugga mest mulig til tyskprøven me har i morgon, sååehh... Eg får vel komma i gang. Wish me luck! Eg trur eg treng det..

Ho bak bloggen

Etter seksten år med meg sjølv, kan eg vel sei at eg har klart å finna ut ein del ting som intresserar meg. Først og fremst vil eg da nevna musikk og fotografering. Og hei, web-designing er moro! Og sånn forresten så har eg ein-eller-anna "ting" for polaroidar, parantesar, ballerinakjeks og å ta bilder av føtene mine. Så veit du det. 

Detta er flautt..

Seriøst. Ein... fjerde-femte blogg? Eigentleg veit eg ikkje kvifor eg atter ein gong har laga ein ny blogg. Kanskje eg berre er lei den andre bloggen min, eg veit ikkje.. Eg vil starta på nytt! Heilt på nytt. Men nei, eg kjem sikkert ikkje til å bruka denna bloggen ein gang. Eg veit ikkje heilt enda. 

Uansett om eg skulle ha starta med å blogga her, så veit eg ikkje heilt korleis det hadde blitt.. Skal eg blogga om det samma gamle, eller skal eg begynna med noko heilt nytt eller eller eller.. Hm. Æsj. 


nina ballerina(kjeks), 18 år og fra ein liten plass i sogn og fjordane som heiter årdalstangen, går på media og kommunikasjon på sogndal vgs. eg elskar musikk og å ta bilder, og eg likar ballerinakjeks, polaroidar og parantesar. og ja, så har eg verdens beste kjæreste da, hih ♥ her bloggar eg om ting som skjer i min kvardag og andre uintressante ting. og berre sånn viss du vil så kan du bli venn med meg her.
<3, Bloggen/info, Ferie, Finfint, Foto, Helgekos, Innkjøp/Wants/Nytt, Inspo, Kvardag, Lørdagsdigg, Musikk, Photoshop, Random, Skule, Spørsmål & svar, Thisyearslove, Tips, Video,
Mai 2012, April 2012, Mars 2012, Februar 2012, Januar 2012, Desember 2011, November 2011, Oktober 2011, September 2011, August 2011, Juli 2011, Juni 2011, Mai 2011, April 2011, Mars 2011, Februar 2011, Januar 2011, Desember 2010, November 2010, Oktober 2010, September 2010, August 2010, Juli 2010, Juni 2010, Mai 2010, April 2010, Mars 2010, Februar 2010, Januar 2010, Desember 2009, November 2009,

hits