
Korleis skal mitt totusenogtolv bli? Korleis vil eg at mitt totusenogtolv skal bli?
Typisk, standard og klisjè å tenka slik, men det har eg, som sikkert omtrent alle andre, faktisk gjort. Som alltid tenker eg òg at det eg tenker skal skje, det skjer heilt sikkert ikkje. Men om eg kunne ha bestemt mitt totusenogtolv, this is it;
- Eg skal spara pengar, for så å bruka pengane til å kjøpa ting eg har veldig lyst på/bruk for. - Eg skal bli flinkare til å vera med vennene mine. - Eg skal prioritera og fokusera meir på skulen. - Få ein klarhet i kva eg vil gjera etter vidaregåande skule. - 2012 er jo året eg blir 18, så eg må sjølvsagt vera med på ein del brabra festar og berre ha det gøy og.. vera ungdom! - Eg vil reisa mykje! Både langturar, kortturar og helgeturar. Til Oslo, Bergen osv. men òg utanlands. - Bli flinkare til å ta med kameraet og ta masse bilder. - No som eg blir 18, skal eg bestemma meg for korleis tatovering eg vil ta, så skal eg ta han. - Kjøpa meg masse kle, for så å begynna å kle meg litt meir slik eg faktisk vil kle meg! :) - Og ellers vil eg berre ha fleire oppturar enn nedturar, and stay positive! (som eg ikkje er så flink til..)
Så, det var forhåpentligvis litt av mitt 2012, korleis vil du at ditt skal bli?