Lørdagsdigg

Lørdagsdigg pt. 7

I dag tenker eg at det kan gjera seg med litt lørdagsdigg igjen! Derfor anbefalar eg ei sida for alle dei som likar å skriva lister, slik som meg! Janeialtså, eg likar lister eg skjønnar du.

listography.com

Lørdagsdigg pt. 6


Når alle andre har sine heltdressar og OnePiece dressar, har eg mitt fantastiske Slanket. Eller som det òg blir kalla; wtf-teppet. Det einaste minuset eg har funne er at det er ganske så elektrisk, om du skjønnar. Men det er jo berre flott! Ehe. Uansett, eg bloggar sikkert "normalt" igjen seinare i kveld! 

Lørdagsdigg pt. 5

Aordals-sjurta! Det er så.. G-e-n-i-a-l-t. Å ha ei slik ei er jo obligatorisk (Spesielt om du er fra Årdal da, ehhe..)! Joda, eg syns dei er tøffare enn toget eg! Til jul kjøpte eg ei som eg ga vekk til ei venninna (Maria - ho har blogg!), og sjølv har eg to stk som eg er veldig glad i, hih! Ho finst altså i fleire variantar og versjonar, og ein kan til og med finna på eit eige uttrykk som ein kan få på! Iihh, supert! 

Berre sjå her da - Eg veit du har lyst på.

Lørdagsdigg pt. 4

Tenkte at det kanskje var på tide med litt lørdagsdigg igjen eg? Såååååå.... Hei store skjerf!! Nemlig. Det er ikkje mykje som slår store-store, varme og gode skjerf på denna tiden. Altså, eg snakkar om så store skjerf at ein kan surra det rundt hovudet omtrent fire gangar (fem gangar går òg greit da). Dèt er lørdagsdigg det. Det er òg eit pluss om det ikkje røytar så altfor mykje. 

Og hei du vakre kvalitet. 

Lørdagsdigg pt. 3

Og enda ein gang så vart det plutselig lørdag og lørdagsdigg igjen! Denna lørdagen blir det ingenting mindre enn mitt favorittband Kaizers Orchestra som er digget. Okei, såh. Eg vart frelst ein morgon da eg såg dei spela på "God morgen Norge", (Ja, heilt sant!) og etter det tok det vel berre heilt av.
Eg høyrte meir og meir på dei, og likte musikken meir og meir. Altså, eg får nesten litt ilt inni meg når eg høyrer ein Kaizers-sang (stryk "nesten"), uansett kor rart det høyrest ut. Om eg ser på videoane og bildene eg har tatt på dei fire konsertane eg har vore så heldig å ha vore på (berre slik at du veit det, så sto eg fremst på alle sammen!), så klarar eg ikkje slutta å smila. (Og vel.. det har hendt at eg har fellt ei tåra eller to, men det trenger vel kanskje ikkje nevnast?) I skrivande stund ligg Kaizers Orchestra med "Knekker deg til sist", øverst på 25 mest spilte lista mi på iTunes, og det har han gjort i... ei god stund.Eg veit ikkje kva eg kan skriva om Kaizers Orchestra egentlig. Eg har vel ikkje ord. Det må berre opplevast! Og om du vil (du må!), så stem på dei her og her! // foto: privat.

Lørdagsdigg pt. 2

Da er det lørdag og lørdagsdigg igjen! Det  vart ikkje noko av forrige lørdag, ettersom eg var i Bergen, men no er det i gang igjen. Og denna gangen blir det tv-serien Skins!

Eg begynnte å sjå på Skins i sommar (trur eg?), og vart fort heilt hekta. Eg lasta ned alle episodane fra alle dei tre sesongane og såg dei alle sammen. Eg satt oppe til langt på natt (morgon) og såg episode etter episode. Når eg hadde sett alle episodane såg eg dei èin gang til. Ja, heilt sant. Eg veit ikkje heilt om eg likar best dei fra sesong 1 og 2, eller fra sesong 3. (For i sesong 3 så var alle dei gamle vekke, og det vart berre nye folk. Og ja, når eg såg første episoden i sesong 3 så vart eg sur pga det, men eg begynnte fort å lika dei nye òg altså!) Gjett om eg gledar meg (og har gleda meg) til sesong 4 kjem da?

Lørdagsdigg pt. 1

Eg har ein ny idè! Eit lite prosjekt eg har tenkt å kalla "Lørdagsdigg". Kvar lørdag postar eg eit innlegg om noko eg likar (blir vel kanskje bedre å sei "diggar", men men, du skjønnar). Det kan vera alt fra matrettar til tv-seriar, artistar og... vel.. som denna gangen; icons!

Denna lørdagen er det altså icons eg vil sei at eg likar-likar-likar-likar! Ja du veit, søte, små icons. Eg har hatt mange (og da meinar eg mange) heimesider i løpet av mine femten (snart seksten) år, og har da altså hatt utallige sider fulle av icons. Det var om å gjera å få mest mulig av dei inn på èi sida, slik var det. Eg kunne sitta i fleirfoldige timar å bla gjennom sider på sider med icons. Timar.

... Og det kan eg fortsatt!

nina ballerina(kjeks), 18 år og fra ein liten plass i sogn og fjordane som heiter årdalstangen, går på media og kommunikasjon på sogndal vgs. eg elskar musikk og å ta bilder, og eg likar ballerinakjeks, polaroidar og parantesar. og ja, så har eg verdens beste kjæreste da, hih ♥ her bloggar eg om ting som skjer i min kvardag og andre uintressante ting. og berre sånn viss du vil så kan du bli venn med meg her.
<3, Bloggen/info, Ferie, Finfint, Foto, Helgekos, Innkjøp/Wants/Nytt, Inspo, Kvardag, Lørdagsdigg, Musikk, Photoshop, Random, Skule, Spørsmål & svar, Thisyearslove, Tips, Video,
Februar 2012, Januar 2012, Desember 2011, November 2011, Oktober 2011, September 2011, August 2011, Juli 2011, Juni 2011, Mai 2011, April 2011, Mars 2011, Februar 2011, Januar 2011, Desember 2010, November 2010, Oktober 2010, September 2010, August 2010, Juli 2010, Juni 2010, Mai 2010, April 2010, Mars 2010, Februar 2010, Januar 2010, Desember 2009, November 2009,

hits