ARKIV: mars 2015

The energy never dies

    Ååh, for ein bra mandag eg hadde i går! Lett den beste mandagen på lenge. Eg cruisa til Oslo med to fine - i lag likar me å stilla oss opp i fast rekkefølge på bilder og sånt - og kvelden gjekk nesten i eitt derfra. 

    På Egon sjekka me klokka ørten gongar (det var kanskje berre meg) og var bekymra for å faktisk rekka det som gjorde at me befant oss i hovudstaden for kvelden; konserten med The Script. Når maten først stod på bordet og me fikk skåla med vinglas var det ikkje stress lenger og egentlig ikkje nøye å komma langt fram i publikum. Konserten rakk me jo uansett!

    Me kom til Spektrum på eit perfekt tidspunkt og slapp egentlig å venta på noko. Med skinnjakkene og skjerfa knytt rundt livet (køyrte stil, altså) kom Tinie Tempah på scena som oppvarming og det var så sinnsjukt bra stemning! Eg hadde omtrent gleda meg lika mykje til Tinie som til The Script og var heilt i ekstases da «Frisky» kom.. Ææh, åh det var gøy!

    ...men ja. The Script altså, det var faktisk ein veldig-veldig bra konsert! Eg, Tina og Oda skreik som gale og eg enda opp med ein Mystory på over hundre sekund på Snapchat (unnskyld, venner). Topp stemning rett og slett!


, Årdal




hits