KATEGORI: Reise

Rome through my Phone











    Og det var Roma for denne gongen. 


Roma 2014 pt. II




    Piazza Navona (+ bildet over)

    Noko av det beste ved turen var den koslige stemningen rundt matbordet ved middagstider. Kvar kveld traska me gjennom dei smale gatene rundt hotellet og fant fram til nye restaurantar i nærheten. Eg har ete så fantastisk masse pizza og pasta den siste veka! Lite variasjon der for å sei det sånn.. Den siste kvelden er vel det einaste unntaket, da vart me tatt med på ein restaurant der menyen var bestemt på forhånd - ein ganske så bra firerettars!



    Trevi fontena vart vel kanskje ein skuffelse for dei fleste. Eg kan nemlig informera om at den for tiden ikkje er heilt oppegåande. Der driver dei med arbeid, så vatnet var tømt ut og området rundt var stort sett avsperra. Så joda, bildet over her er vel det beste bildet eg tok ved Trevi fontena denna gangen; fine jenter med selfie-stang. Er glad for at eg har sett den før, ellers hadde eg nok vore veldig skuffa sjølv. Men men, sånn kan det gå!


    Trajan-søyla (Il Vittoriano i bakgrunnen til venstre)


    På toppen av Il Vittoriano (+ bildet over)

    Som regel hadde me hundre grader og steikande sol heile tid, med unntak av èin dag. Plutselig opna himmelen seg og gatene i Roma vart enda trangare på grunn av antalet paraplyar. Det var dagen me skulle på taket av Il Vittoriano, men me var så heldige at vêret klarna opp like før me kom fram. Herregud for ein fantastisk utsikt! (Hadde veldig lyst til å bli tatt bilde av oppe på den hesten, men droppa det for denna gang.)





    Mandag til og med torsdag hadde me eit program å følga, som regel fra morgonen av til litt utpå formiddagen, men ellers var det altså lagt opp til at me hadde ganske masse fritid. Må nok innrømma at det vart litt avslapping på hotellet til tider, men me var litt rundt om egentlig! Det vart pittelitt shopping og ein del iskuler i alle fall! Koste oss ekstra den kvelden Italia spelte fotballkamp mot Norge - på ein irsk pub riktignok. Ellers inviterte rom nr. 10 til bråk fredagskveld - koste oss rett og slett masse!



    (PS: Ikkje kjøp pære-is i Roma. Just don't. Ellers er isen supernam! Gelato ♥)


Roma 2014 pt. I

    For ei bra veka eg har hatt i Roma! Landa trygt i Norge i går - ein kvit topp, ei solkremflaska og mange bilder av meir og mindre kjente monument, obeliskar og diverse andre bygningar rikare. Studieturen eg var litt redd for at kanskje kom til å bli meir som ein treningsleir har overgått alle forventningar! Joda, det var i eit bra tempo me suste gjennom det historiske sentrum og varmen var til tider veldig voldsom - men det gjekk veldig, veldig fint! Her kjem eit pittelitt hultertilbulter Roma-blogginnlegg.


    Titus-bogen*


    Petersplassen*

    Sjølv om eg har vore i Roma ein gang tidlegare har eg no fått med meg enda meir som er verdt å sjå i Italia sin hovudstad. Denna gangen var eg til og med inne i Peterskirka! Forrige gang orka me ikkje tanken på køen i solsteiken, men den viste seg å gå veldig fort unna. Heldigvis. 


    Domkirka i Roma, San Giovanni in Laterano* (+ dei to neste bildene)



    Til dei som lurer så har skuledelen av denna turen vore å reist rundt omkring i Roma og studert diverse innskrifter og innskriftsfragment. Fokuset var på blant anna klassisk romersk versalskrift fra antikken - fontnerden i meg har kost seg overmasse.



    Colosseum gjekk me kun kjapt forbi på veg til noko anna, så mitt ønske om å få ta i alle fall eitt bra bilde av det gjekk ikkje heilt heim. Ein måtte liksom berre knipsa vilt i forbifarten. Det eg egentlig hadde lyst til var jo å ha eit bilde av meg sjølv framfor Colosseum ettersom eg ikkje tok det ved forrige besøk, men den tanken la eg fort fra meg (tok ein del selfies med iPhonen da). 




    Monumento Ai Caduti*

    På det siste bildet her; meg og mine fantastiske roomies for turen. Var heldig med den da, irriterande koslig har me hatt det på handicap-rommet vårt! Number 10 ♥ Haha, egentlig veldig morsomt. Da me først såg rommet me skulle bu på under turen var me ikkje akkurat kjempefornøgde, men etter å ha fått besøk fra andre klassekameratar som viste seg å vera sjukt imponert over rommet vårt lærte me oss fort å lika det!

    (PS: Roma pt. II + eit litt mindre "høgtidlig" innlegg (les: innlegg med mobilselfies) kjem)
    * = ...hehe, for spesielt interesserte.


My Trevi Fountain Coin





    Det seiest at om ein kastar ein mynt i Trevi fontena i Roma - med ryggen til og med høgre hand over den venstre skuldra - vil ein ein eller anna gang i løpet av livet enda opp tilbake i Roma. Så da eg for seks år sidan stod framfor Trevi fontena gjorde eg sjølvsagt nettopp det. På søndag er eg i Roma igjen. 

    Det har blitt ein sånn ting for meg det, at eg egentlig har vore på ganske få plassar rundt om i verden, men at eg har ein tendens til å enda opp på akkurat dei samma plassane om igjen. Men men, denna gangen valgte eg det jo sjølv ved å kasta den mynten. Ikkje at det gjer meg noko, eg har absolutt ingenting i mot å reisa tilbake til Roma. Roma er fantastisk fint, har deilig pizza og pasta og ikkje minst får eg sjansen til å ta litt bedre bilder enn sist! Det er ein studietur så eg reiser altså med klassen og me har eit ganske heftig program - og eg gledar meg masse, masse. Avreise fra Gjøvik: Lørdagsnatt 03.00. Det skal bli bra!


#4: 5 Places to visit

    Previous - 1: Fakta om deg sjølv 2: 10 likar & likar ikkje 3: Min dag i detaljar



    Photo1, Photo2

    New York vil nok trona lista over stadar eg vil besøka ganske så lenge. Tenk å stå midt i Times Square omringa av blinkande lys, skyskraparar, gule taxiar og folkehav. Eg veit egentlig ikkje heilt korleis eller kvifor eg har fått ein sånn fascinasjon for New York, men eg trur at det berre må opplevast. *Kryssar fingrane for at ein gang*


    Photo1, Photo2

    Ein skikkelig storbyferie i Paris er vel ikkje akkurat noko å sei nei takk til. Eg trur nesten min største drøm her i livet er å ta eit bilde av Eiffeltårnet. Okei da, eitt av Eiffeltårnet og eitt av meg framfor Eiffeltårnet som bevis.

    Photo1, Photo2

    Barbados. Tenk å reisa til ein slik plass og berre nyta livet. Det treng kanskje ikkje akkurat vera Barbados, dei fleste plassar med lange sandstrender, palmetre og knallblå himmel som møter knallblått hav er absolutt godkjent. Eksotisk luksus. Jatakk, jatakk.

    Photo1, Photo2

    For å møta ein heilt anna kultur - Thailand.

    Photo1, Photo2

    Dubai. Rett og slett, Dubai.



    Okei, confession. Å velga fem plassar å reisa til, av heile verda, er veldig, veldig vanskelig. Eg har lyst til å sjå litt av alt eg, og det kan variera fra dag til dag kva plass eg er mest gira på. New York og Paris har eg jo nevnt tidligare og dei står jo ganske på topp, men misforstå meg ikkje, det er ikkje sånn at eg ikkje vil til Barbados, Thailand og Dubai altså! Men åh ja, klarar ikkje å få fram kva eg meiner her. Eg kunne veldig gjerne ha reist verda rundt, okei?

    To come - 5: Om du måtte leva på ein matrett og ei drikkevara resten av livet, kva ville det vera? 6: Fem bilder av kjendiscrush 7: Konsertar du har vore på 8: Eit bilde av det du hadde på deg i dag 9: Eit bilde av handskrifta di 10: Eit bilde av deg sjølv 11: Rare ting du gjer når du er aleina 12: Korleis har du endra deg dei to siste åra? 13: Fem ting du ønsker deg 14: Det du åt i dag 15: Fem ting som irriterar deg ved det motsette/same kjønn 16: Noko du bekymrar deg for 17: Sivilstatus 18: Drømmedaten 19: Noko som alltid får deg i bedre humør 20: Den månaden du var mest lykkelig i år og kvifor 21: Noko du alltid tenker "Kva om?" om 22: Dine tre favorittsangar atm 23: Ti måtar å vinna hjertet ditt på 24: Ting du likar og mislikar om deg sjølv 25: Søskena dine 26: Ti ting folk ikkje forventar av deg 27: Siste innkjøp 28: Kallenavna dine og korleis du fekk dei 29: Eit bilde fra da du var liten 30: Kva endra seg denne månaden og korleis håpar du neste månad blir


Unblogged



    I dag var eg på kafeen med Ida for ein aldri så liten oppdatering før eg reiser tilbake til Gjøvik i morgon. Til slutt vart me sittande å snakka om det å reisa, uplanlagte reisemål og ulike plassar me vil besøka. Haha, eg merkar godt at detta er noko eg tenker mykje på for tiden, og det speglast sjølvsagt her på bloggen. I den anledning får de enda fleire bilder fra vinterferien i 2011 (tenk-at-det-snart-er-tre-år-sidan!) på Hawaii. Så skal eg begynna å pakka. Til Gjøvik altså.










Places to go:


    Dei to byane eg virkelig har lyst til å besøka; New York og Paris. Men åh, lista er lang.

    For eit par dagar sidan fant eg ut via ein app at eg kun har sett 2% av verden. To prosent. Så himla trist. Den statistikken stemmer jo ikkje ein gang, for den reknar med heile land, ikkje eventuelt kun den eine byen eg har vore innom i eit land. Det vil altså sei at eg egentlig har sett mykje mindre enn to prosent av verden. Ikkje det at det sjokkerar meg, eg er fint klar over at eg er lite "bereist", men den prosenten håpar eg virkelig på å få auka. Det er så mykje å sjå, og egentlig så altfor lite tid og pengar.


Some places I've been




    Min aller første skikkelige utenlandstur (Sverige og Danmark teller liksom ikkje) var til Italia, i 2008. Det var ti dagar med moro og reising hit og dit. Me var innom både Milano, Verona, Venezia, Firenze, Roma og Vatikanstaten. Mange togturar, mange forskjellige hotell, mykje pizza og pasta, mykje gatetrasking og eit par ille gnagsår. Det var ein kjempefin tur, men for min del kunne me helst hatt litt meir tid til å faktisk slappa av, og ikkje alltid vera på farten. Fikk sjå og oppleva mykje da! Blant anna Colosseum, Michelangelo's David, Markusplassen, Trevifontena, balkongen til Julie (som i Romeo og Julie) og ikkje minst Hard Rock Café! :) Eg likte meg i alle fall godt i Italia, og herregud så koslig og fint det egentlig er der..!





    Den neste storturen, vinterferien 2011; Hawaii. Ingenting kan vel toppa å bu på Hilton Hotel i Honolulu ved Waikiki beach? (i Rainbow Tower faktisk, som er på bildet over). Det er i alle fall ikkje mykje. Når eg tenker tilbake på det, er det veldig sånn.. herregud, eg må tilbake. Ein eller anna gang. Eg har ikkje sett mykje av verden, det er eg fullt klar over; men Hawaii - det må vera noko av det beste, finaste og herligaste i verden. Dét var ferien sin det! 




A taste of Napa

Back from Napa!


    Mine fantastiske, beste roomies <3

    Eg har hatt ein kjempebra tur med kjempebra folk, fått ein heil del sjuke minner, endelig fått oppleva sol og varme igjen, eg har grene av latter og åh.. eg har vore i Napa igjen (♥♥), men herregud så godt det er å vera heime igjen òg! Russetur til Ayia Napa er jo faktisk hardt.. Haha, og det var den ferien liksom! Nesten so eg misunnar dei som har hatt ein meir rolig og "vanlig" ferie. Men berre nesten. For det var verdt det. Så det så. Meir enn at eg har hatt ein awesome tur har eg egentlig ikkje å sei, så eg trur det berre kjem eit lite bildedryss ein eller anna gang seinare :) 


Høstferie!!



    Da har eg endelig tatt høstferie, og i kveld reiser eg til Ayia Napa med ein herlig gjeng! Har stressa skikkelig med pakking og alt, men trur eg berre kan gje opp. Eg kjem til å gløyma noko kjempeviktig uansett! Neida, heh.. Ps: kjedlig at når eg først skal til Sydenland (heh), så er det til ein plass eg har vore før. Kor stor er sjangsen liksom, eg har jo kun vore i Ayia Napa før. Og Hawaii da. Men men, detta blir braaaa - og bloggen kjem tilbake etter ferien :)


London, torsdag-fredag



    Torsdagen
     var satt av til Camden Market, som eg faktisk hadde gleda meg veldig til! Det endte opp med... vel, ingenting. Det var kjempekjekt å gå rundt å sjå, og det var masse fint, men det var ingenting som var verdt å bruka opp pengane eg ikkje var sikker på om eg i det heile tatt hadde (fikk ikkje sjekka saldoen på kortet nokon plass i London, så prøvde å ha ein viss kontroll, men det var jo nesten heilt umulig..). Eg, Tea, Marianne og Renate satt oss inn på ein kafè og kjøpte oss mat, og vart egentlig sittande der å jamma ei god-god stund! Haha, minneeer.. 


    Så litt seinare torsdagskveld reiste heile klassen ut på ein merkelig plass der eg ikkje likte noko av maten (Det var ikkje første gang heller... Elskar å vera kresen..), før me reiste på konsert! Det vart ein.. veldig bra kveld(!), hadde det ikkje vore for at eg vart sjuuukt dårlig, og endte opp med å sitta utanfor når oppvarmingsbandet var ferdig (men dei var best da, faktisk!). Men det var uansett kjekt så, hihi. Så var det rett heim og pakka og hit the bed! Det vart ein lang kveld..

    Me sto opp kjempetidlig fredagen, så fikk me ikkje i oss frukost før på flyplassen, og da vart det ekstremt feite og søte pannekaker! Haha.. Så gjekk flyturen heim veldig fort (sov omtrent heile vegen), mens bussturen derimot.. Jaja, Pappa henta meg på Fodnes da, så lærekøyrte eg heim - fikk siste delen til å gå mykje fortare! Heh.. Så når eg kom heim hadde Håkon laga taco og åh.. lykke ♥ Det var i alle fall ein super tur da! Koste meg massemassemasse :) 


London, tirsdag-onsdag





    tirsdag var me først innom Tate Modern Gallery og sjekka ut Damien Hirst. Personlig falt det ikkje heilt i smak, det vart litt for... spesielt for min del. Så var me nett innom eit lite fotogalleri på ein liten omvisning i ein halvtimestid før me fikk resten av dagen fri. Det vart enda meir gatetrasking, så endte me opp ved Covent Garden og reiste til frisøren med Marianne, og resultatet vart så kuuuult, hih! Me var òg innom ein kul vintagebutikk og kledde oss ut og berre tulla.. Samma kvelden reiste ein gjeng av oss ut på pub i nærheten av hotellet, så det vart ein kjempebra kveld! :) 



    Onsdag, hadde me eit møte med ei som tidlegare har gått på medialinja i Sogndal, og som no går på Kingston University. Me reiste på kafè og berre satt og pratte, og det virka faktisk veldig spennande! Hadde ikkje hatt noko i mot det, og Kingston var eit veldig fint område òg så.. :) Seinare reiste me innom London Film Academy, der me satt og høyrte på eit lite "foredrag" av ein kjempeawesome fyr! Haha, var faktisk underholdande.. And I think he's kinda almost famous. For someone. Vel, eg har gløymt kva han heitte, så samma det. Resten av dagen fikk me (once again) kun fritid, så da reiste me til frisøren igjen, denna gangen slik at Renate fikk sidecut! Fyflate så fett, ho kledde det så sjuuuukt... Eg har mast lenge. Heh. Me holdt oss inne på hotellet den kvelden òg, farga håret til Renate og ja.. hadde det berre kos! 



London, søndag-mandag





    Søndag fikk me fotooppgaver så me fikk reisa heilt fritt rundt om for å ta bilder der me ville. Me klarte sjølvsagt å surra vekk det meste av tiden ved London Bridge og litt rundt om før me måtte ta tuben tilbake for å møta resten av klassen til piknik i Hyde Park. Det var ein veldig bra tanke, men vêret var ikkje heilt optimalt (var altfor kaldt den dagen!) så det vart ein kort piknik før folk reiste videre igjen.. Haha, det morsomme er at eg hugsar egentlig ikkje kva me dreiv med, men på kvelden stæsja me oss i alle fall opp før me reiste ut på ein fancy restaurant og koste oss! 





    mandagen var me innom BBC, og det var faktisk veldig kjekt! Kunne godt ha vore der ei stund til..! Og det var faktisk det einaste som stod på planen vår, så resten av dagen vart berre fritid (slik var det egentlig kvar dag, heilt ok!). Me reiste i alle fall rundt om på shopping, og på Foot Locker fikk eg meg endelig eit nytt par converse! (Yay, finally!) Og fun story; Renate vart praktisk talt fridd til, it was caraayzey! Finst grenser for kor høflige dei skal vera liksom..! Neida, men etter waaay too much gatetrasking reiste me tilbake til hotellet og bestemte oss for å ha a night in med pizza og kos :) Noko av det kosligaste med heile turen var faktisk dei kveldane me hadde inne i lag sånn, chiiiill. Og kos! 


London, fredag-lørdag






    Fredagen gjekk egentlig ganske kjapt, turen til London er jo faktisk ikkje så lang den(!). Me var framme på hotellet på kvelden, så da la me fra oss all bagasje og reiste ut på ein liten koslig plass å kjøpte oss mat omtrent med ein gang. Sjølv om me ikkje var så nært sentrum hadde me heldigvis massevis av kafèar og pubar og random sjapper rundt om hotellet vårt :) Heile lørdagen var satt av til shopping, så da vart det ein god del.. shopping. Herregud, brukte nesten to timar kun inne på Topshop, sjukt. (Eg endte opp med ein gensar og eit par truser, heh.. Typisk.) På kvelden skulle me egentlig på musikal, men det var noko tull med billettane våre, så det vart ikkje noko av, veldig seigt! Men me reiste samla heile klassen på ein kjempefin plass og fikk i oss kongemat, så det var ganske ok! 


Back from London

    Heyaa, I'm finally back! Eg har hatt det kjempekjempebra, men sjølvsagt var det utrulig godt å komma heim igjen i går! Eg hadde lovd LM å blogga, men det orka eg berre ikkje, og eg og Håkon sto ikkje opp fra sengi før no, so here I am!

    Planen er å visa litt bilder og sånt fra kvar dag i London, men eg veit ikkje heilt når eg... begynnar med det. Eg er så stressa ettersom eg må klara å gå gjennom heile matteboki til heildagen på torsdag.. Haha, flink! Men eg kan vel kanskje få til ein liten del i kveld :) No trenger eg å berre slappa av litt egentlig, har jo sjølvsagt klart å bli sjuk.. ehe.


London calling!

    Her skulle det egentlig vera eit kjempekult bilde av meg med tomlar opp i lag med den stappfulle kofferten min, men så vart ikkje bildet så kjempekult, så eg lagde denna... tragiske... ja, nei nevermind. Tomorrow I'm in London babyyyy! 



    Ville berre sei det ein siste gang, slik at de veit det.. Hadde egentlig planar om å ta med macen, men droppar den.. Blir heller bilder og blogging når eg kjem heim. Så da blir bloggen lagt død i ei heil veka! Kanskje eg kjem med eit lite innlegg fra mobilen, men eg tvilar. Veldig sterkt. Åh, eg gledar meg såååånn..! Oxford street, camden market, konsert, musikal, forhåpentligvis god mat, fine venner, BBC og ja.. it's gonna be fuun :)


Our last night - Luna park



    Åh, at me allerede har vore her i to veker er heilt sjukt, det har gått så fort! I morgon reiser me heim igjen, heim til.... kjære Årdal, hihi. Så i dag vart den siste dagen vår her, det vart McDonalds mat og tivoli! Haha, kjekt i alle fall :) Ellers er kofferten pakka og alt er klart til heimreise.. Good bye Ayia Napa! 


Shopping i Larnaca


    Helluuu! I dag reiste ungdommen på shopping i Larnaca! Satt å venta på bussen i ein halv evighet, så til slutt vart det taxi all the way. Planane mine sa ikkje akkurat "shop till you drop", så eg endte opp med tre truser og ein kjole! Men åh, trusa-med-sløyfa-bakpå - åh, så søt..! Haha, ellers vart det McDonalds til lunsj, og no har me nettopp vore ute å ete på ein italiensk restaurant (tredje gangen eg har bestilt spaghetti bolognese, og det er fortsatt veldigveldig nam!). Cya! :)


Ayia Napa since last time


    I går: Dei late dagane på strandi fortsatte som vanlig, men i går tok me oss ein tur utpå havet - Nissi water sports! Haha, funny (and salty)! Seinare reiste me ut og pierca navelen til Mathilde, for så å få eit ekkelt måltid på ein random kinarestaurant. (Eg hatar kinamat.. Utenom nudlar så klart.) 



    I dag: I dag holdt eg og Håkon oss i bassenget, og godt var det. But still too hot. Heh. Etter me hadde dusja og hengt litt på hotellrommet reiste me ut igjen. Me tok taxi opp til bargata berre for at eg skulle få kjøpt ein piercing eg forelska meg i last night (den er så fiiiin!), så reiste me tilbake for å eta, nammiiis. Ellers har me faktisk sett film og slaska enda meir på hotellrommet, and we're still doing it! Wow, I'm really livin' the good life. 


Gutten min blir stooooor!



    I dag har Håkon buuursdaaaaaag, hihihi. Det har så klart blitt feira det òg her i Ayia Napa! Herremåltid, bursdagssang og bursdagskaka og til og med is til bursdagsbarnet! :) Grattisgrattis søt! Ilu ♥



Slappe dagar - check!



    I dag har vore nok ein... slapp dag. Eg og Håkon sov eit par timar lenger enn resten av gjengen før me gjekk ned til bassenget. Men joda, varmen var jo uutholdelig i dag òg, så det varte ikkje så lenge, hihi. Litt seinare gjekk me ut å traska for å finna ein plass å eta (hamburgeeer ♥), så går me jo såklart innom omtrent alle småsjappe me ser når me går ute i gatene, berre på gøy. Morsomt at det er tusenvis av dei, og alle er pretty much the same. Men men, ciao! 


And today was kinda like this



    Åh, i dag sov me leeenge! Me tok oss ein tur innom Nissi beach, men stakkars Håkon er så solbrent og hadde det så ekstremt ilt at eg og han heller enda opp ved bassenget der det er litt bedre forhold. Haha.. Ikkje det at me var der så lenge da.. Smørte på oss eit godt lag med solkrem, vart liggande i fem minutt (han under parasollen), så var me uti bassenget å bada ei liti stund før me reiste oppatt på rommet, hihi. Etter litt slasking på rommet reiste me ut å åt (spaghetti bolognese, once again ♥) - no har me snopa og er back at the hotel! Kjøleskapet fullt av kindermaxi!


Ayia Napa so far!



    Heiheihei! Det var nokon som lurte på om eg kom til å blogga mens eg var her (og plenty som sa dei ville eg skulle gjera det!), og så klart gjer eg det! Så, eg føler at heilt sia me kom har eg steikt meg på Nissi beach. Like in, steikt. Men heldigvis er alle solbrente! (Heh, not the only one ♥) Så har me jo traska litt rundt omkring, blitt overraska over kor billig ting er og.. ja, Nissi beach. Sukk. Så har eg òg sjølvsagt klaga ekstremt over krøllane mine (og det at eg e solbrent er jo òg fint å klaga om..). Men ellers er det veldig varmt og godt - og eg har det fint! No blir det kos på hotellrommet :)


    Og til deg som lurte på om det berre var meg og Håkon her; nope! Eg er her med Håkon og familien hans + Kristine - gøy!


Goodbye Norway


    .... hello Ayia Napa! Eg (trur eg) er pakka og klar, and tonight we're leaving! Åh, eg ser virkelig fram til to veker i varmare strøk med han... kjekkasen der ♥ Hihi, cya peepz!


Snapshots from that last day, woh



    Heldigvis er eg SuperNina og klarte å redda bildene - takk gud.. Så alt er okei, hihi. Og no er eg endelig heime i kalde, kalde Norge. Og eg har glatt hår (!!!!)! Me kom heim i halv-ti tiden i går, så det første eg gjorde var å bytta kle (joggebuksaaa ♥) og så reiste eg ut å møtte søøøt! Herregud så godt det var å endelig ha han atmed meg i heileheile natt (no offence lm)! Hih - borte bra, hjemme best ♥ Anyways, her er bildene fra den siste dagen på Hawaii! :)




Den siste dagen i Hawaii!

    I dag låg me ei stund på strandi, etterfulgt av chilling på hotellrommet - så fant me plutslig ut at detta var den siste dagen me hadde her i Hawaii (alltid tenkt at me skulle reisa søndagsmorgon, men neida!)! Plutslig var me på Ala Moana Center og svidde av litt peng, så satt me oss nede på strandi i lag med... hundrevis av andre folk og såg på fyrverkeriet (som er her kvar fredag. Ja, kvar fredag..)! Seinare reiste me ut på leit etter ein plass å eta igjen, og enda opp på Hawaii's einaste roterande restaurant (ja, han går rundt - høgthøgt oppe i lufti!), håhå.. Og no har eg pakka og er veldig klar for heimreise.

    Sånn ellers har minnekortet til kameraet mitt med alle bildene fra i dag tydligvis kræsja, så.... eg er litt usikker på om eg nokon gang kjem til å få dei bildene, men... me får sjå. (Egentlig er eg veldig sur på grunn av det altså, sånn.. veldig..) Men no er det berre litt lenge til eg er heime til søt igjen!! ♥♥♥


I dag heilt hultertilbulter




    Måtte nesten stikka innom Pearl Harbor når me først var på Hawaii, så i dag tok me turen! Mykje spennande - me tok blant anna turen innom USS Bowfin (seriøst, har du ikkje høyrt om den?). Seinare på kvelden tok me oss ein bedre middag før me gjekk litt rundt omkring, som me har gjort omtrent kvar dag. Var innom ein dødskul Quiksilver-butikk, og stakk av med ein finfin Roxy-Hawaii-gensar! Haha, toppers. Og ja, verdens søtaste Teddybear-butikk! Love ♥





Lightning strikes in Hawaii!



    Gårskvelden; etter litt daffing på hotellrommet tok me bilen ut for å finna ein plass å eta. Så etter omtrent ein time med cruising rundt omkring enda bilen opp i parkeringshuset til hotellet, og me gjekk heller til fots til ein restaurant. Og eg åt nachos! Det var ganske så nam, så det så. ... Og ja, så gjekk me heimatt i lyn og torden - digg! Haha.


@ Waikiki Beach


    Okei så... Pappa og LM reiste tilbake til dyrehagen i dag òg (I know... Can you believe it...?), så eg la meg atter ein gang langflat på Waikiki Beach. Det vart ikkje så altfor lenge da, det var nemlig ganske så... varmt, og dessuten har eg rett og slett ikkje tålmodighet til slekt.. Synd. Så eg traska litt rundt om her før eg skypa litt med Håkon. No trur eg at eg skal ta meg ein tur ut i soli igjen, det er jo tross alt litt godt òg, hihi :) Ganske OK vinterferie detta..!


Just... chilling in Hawaii



    I dag hadde me lagt null planar for dagen, og etter frukost enda me, som i går, opp på strandi. Eg hadde faktisk lyst til å bli liggande der ei stund, men visse andre familiemedlem ville ut å... . Så etter ei stund med daffing rundt omkring i varmen ville resten av familien Røen i dyrehagen, og der datt eg av... Bigtime. Da tok eg strandvegen langs Waikiki Beach tilbake til hotellet, så snakka eg litt med Håkon før eg reiste ut att ein tur. Etter det har me berre daffa rundt på hotellrommet (yes, it's sad).. Pappa og LM reiser ut ein tur no, men eg skippar den òg eg (yes, it's sad x2). Herregud, eg er dautrøtt... Og klokka er berre halv ni på kvelden.. Flaut. Er berre ganske sliten. Men eg er jo i Hawaii.




Shop 'till you drop



    Eg er litt på etterskudd med bloggingen no, så her kjem gårsdagen! Me vakna opp til soloppgang og reiste fort (vel, ikkje fort) ned til frukosten før me reiste ut på strandi. Eg låg for det meste på land mens pappa og LM tok eit morgonbad. Der nede var me ikkje lenge før me reiste ut på shopping. Og det var vel det resten av dagen gjekk til, tehe... Følte meg litt for fattig til shopping der eg gjekk omringa av Gucci, Prada, Dior, Chanel, Louis Vuitton, Armani, Guess, Lacoste, Burberry og ja, lat oss stoppa der. Men eg fikk jo med meg pittelitt heim da, hihi! :) Og ja, så åt eg ein nam pizza!




Hard Rock Cafe Honolulu




    Detta skulle liksom komma i dag tidlig, men da var visst heile blogg.no på trynet, så da kjem det nuh! I går kveld var me nemlig på Hard Rock Cafe! Eg er super fan av Hard Rock Cafe - alt er så fantastisk gjennomført! Haha, heilt sant! Eg var dautrøtt da, så eg slokna ganske så fort når me kom tilbake på hotellet - noko eg ser ut til å gjera kvar kveld... Haha, eg har fått den merkeligaste døgnrytmen ever.. Men men, souvenir fra Hard Rock Cafe Honolulu er i boks!



Roadtrip in Hawaii




    I dag tidlig fikk eg endelig skypa med Håkon! Eg likar ikkje at det fortsatt er så altfor lenge til eg får sjå han igjen, men eg overlever nok. For å ikkje whina meir om det; i dag tok me bilen ut på roadtrip! Me reiste omtrent rundt heile Hawaii - og jaokei, det er nokså fint her! No skal me i alle fall snart ut å eta på Hard Rock Cafè, så eg får vel fiksa meg... igjen. And then I'll get back to ya! :) Forresten, fint at det eg får flest kommentarar på mens eg er her på Hawaii er håret mitt! Haha, her nede er det pointless å glatta håret, krøllane kjem fram allikavel, så å droppa glattetangi var lika greitt! :) 




Hawaii so far (so good)





    Første dagen: Me kom fram seint-seint som sagt, og me gjekk for det meste rundt om her på Hilton Village-en og eg knipsa bilder, tehe. Det er så sjukt fint her..! Nesten urealistisk at eg er her. Eg gjekk altså rundt å såg ut som crap etter over eit døgn på reis, men eg unnskyldte meg sjølv, så det gjekk fint. Det første måltidet vart altså på ein eller anna 24timars-open restaurant-aktig ting, haha. Mini burger and fries! Slokna ganske fort den kvelden ja.. Harde dagar!





    Dag 2 (som egentlig blir den første dagen, men samma det): Me traska litt rundt om kring og eg fikk som sagt kjøpt meg nye sko - naaaam! Ellers kom me oss fort ned på Waikiki Beach og vart solbrente - og pappa surfa! Haha, prøvde i alle fall.. Seinare på dagen tok me oss ein biltur og køyrte litt rundt omkring for å "gjera oss kjente", så handla me på kmart (og pappa såg ganske så lost ut der inne.. tehhe). Så når me kom tilbake var eg dautrøtt, og sovna med ein gang i sengi - oppå dyna - med kle. And it felt good, hahah. 


I'm in Hawaii b!tch



    (Statistikken synker ja, tenkte eg det ikkje..) Hei alle sammen! No har eg tatt meg ein pause fra solsteikingi på Waikiki Beach, og sitter med Oreokjeksi mine på hotellrommet. Her er klokka knapt halv fire og eg føler dagen har vore myyykje lenger.. Stod opp litt før ni i dag tidlig, dusja og åt frukost før me reiste ut på shoe-hunting. Dei eg hadde drepte meg sakte men sikkert, men etter ein tur innom Forever21 gjekk det fint, hihi. Ellers er Hawaii supert! Sånn utenom at det tok over eit døgn å komma seg hit, men takka vera tidsforskjellen så var det fortsatt fredagskveld når me kom fram! :) Nicenice.

    Eg har allerede tatt ein del bilder if anyone's interested, men det får uansett venta litt. Får ta det i kveld, eller ein eller anna kveld :) Så ja, eg skal prøva å vera flink å oppdatera, hihi! Have fun!


, Årdal




hits