Thisyearslove

Totusenogelleve pt. 6/6


November: LM kløpte håret mitt som ikkje hadde blitt kløpt på så altforaltfor lenge, og eg syns det vart kjempekort, men andre merka det såvidt.. ▲ Eg, Tea, Marianne og Renate hadde sleepover hos Tea, noko me såå burde ha gjort før, me lagde taco og så vart det mykje prateprat og kos og gøy! Hihi. ▲ Medialinja reiste på Q-film festival på Sandane - overnatting i sovepose og greier! ▲ Dagane gjekk egentlig ganske fort på skulen, og dei dagane det ikkje gjekk så fort redda Endre dagen. Som da han tok med brownies til oss, hihi. ▲ Eg tok med meg Håkon, Karoline og Eline på enda ein av danseforestilling til hafslobøgdingane :) ▲ Og sånn ellers begynnte rommet mitt å ta form. *Yay* 

Desember: Rommet mitt vart sånn egentlig ferdig, og eg er veldigveldig fornøgd! ▲ Me hadde ei oppgava der me måtte ta bilder til ei magasinframside, og Tea tok bilder av meg, og eg tok bilder av ho! ▲ LM kjøpte seg Jeffrey Campbell sko, og eg veit enda ikkje om eg likar dei eller ikkje. Stort diskusjonsmoment! ▲ Eg fikk sesong 3 av Skins til førjulspresang av Håkon, som eg har ønska meg leenge! Best! ▲ Det vart meir og meir jul, og julestemningen kom egentlig aldri, men jul vart det! ▲ Fikk masse presangar til jul, og vart happyhappy! :) ▲ Og omtrent resten av juleferien var eg sjuk og dårlig, men eg hadde alikevel fine, (veldig) late dagar med Håkon ♥ 

Totusenogelleve pt. 5/6


September: Eg og Håkon hadde vore i lag i eit år, og me feira med masse kos og masse fint. ▲ Eg hadde dinnerdate med Ida, Karoline og Eline på kafèen, kjempekoslig! ▲ Me tok ein roadtrip til Gol slik at guttaboys kunne få køyrt litt gokart, så vart det jo òg litt bowling og god mat! ▲ Eg og Karoline hadde ein liten kosekveld her i kjellaren hos meg, med iiiiiis! ▲ Eg og Håkon lagde oss innbakte pølser, hadde altfor mykje godteri og brus - men me hadde det kjempekos, hihi. Elskar sånne kveldar med verdens beste :) ▲ Tea kom på besøk til meg og Håkon, og me lagde oss brownies og såg halve Justin Bieber filmen! ▲ Me feira bursdagen til Tea på Hafslo, superfun! Så lenge det varte for min del da... 

Oktober: Eg var skulelei og lei, men Håkon var best, og gjorde alltid alt så mykje bedre, hihi. ▲ Eg fikk endelig begynna å pussa opp rommet mitt, superhappy! ▲ Me feira bursdagen til Erlend, Rebecca og Julie i ungdomshuset i Øvre, og kvelden var topptopp, sjølv om det vart ein litt tidlig kveld for meg og Håkon sin del.. ▲ Eg, Ida og Eline lagde oss mat og koste oss borte hos Ida ein kveld, sånt som skjer altfor sjeldent..! ▲ Late kveldar med Håkon (og burger fra kebaben), ahh... ▲ Klassen reiste til Eid for å driva med litt fleirkameraproduksjon, (sjå film her), og det var faktisk veldig kjekt! :) 

Totusenogelleve pt. 4/6


Juli: Sommarferie var d-i-g-g, og eg og Håkon hang for det meste oppe hos Hans Jørgen og Karoline, me hadde det gøy med masse badminton, kortspeling, me bada i stampen og me spelte faktisk til og med kubb! ▲ Det vart skating med guttaboys på Cuba, som einkvar sommar, hihi! ▲ Eg og Håkon spelte masse yatzy ute på altanen oppe hos han, og ellers lata me oss veldig-veldig mykje! ▲ Eg fikk med meg Håkon til Sogndal for nett å få møta att eit par av hafslobøgdingane til pizza og kos :) ▲ Me hadde ein superduper sommardag nede i Meieriparken, best! ▲ Ida kom att, catch-up!

August: Håkon vart med på det tradisjonelle årlige sommarbesøket til Løkken, og me var på konsert med Timbuktu og Karpe Diem, og han holdt rundt meg heile konserten, hihi. ▲ Me feira bursdagen til Renate i skyttarhuset på Loi, og det var ein finfin kveld, berre pittelitt tull..! haha, uff.. ▲ Som kvar sommar; eg satt mykje på altanen i bikini og koste meg med fin musikk, hihi. ▲ Eg og Ida reiste til Bergen på Rihanna konsert! ▲ Skulen begynnte igjen, og klassen reiste på Sognefjellet for å ta naturbilder, grillingen var vel høgdepunktet, haha! ▲ Målrocken kom, og begge kveldane vart det full rulle.. Høgdepunktet var sjølvsagt å stå på første rad på Karpe konserten og skrika ilag med Karoline, for så å møta Chirag backstage for å ta ein liten prat og for å få ein klem, hihi. Bezt.

Totusenogelleve pt. 3/6


Mai: Det var partyparty, både natt til 1. mai, og natt til 17. mai, and we had a good time, hihi. ▲ Det var deilig vêr eit par dagar, og eg og Håkon låg nede i hagen å koste oss i soli med søt sommarmusikk. Åh, sånt likar eeeg..! ▲ Eg og Ida hadde kafèdate og koste oss altså nede på kafèen, hih. ▲ 17. mai var kos, sjølv om det pøse-pøse regna ute... ▲ Me reiste på klassetur til Oslo, masse drama og masse gøy! ▲ LM vart enda eit år eldre.. stakkars. Neida, hihi ♥ Tullaaa.. 

Juni: Marianne hadde hyttebursdag, og me var ein fin liten gjeng som koste oss der oppe, haha! :) ▲ Det var enda meir fine dagar, og eg gjekk rundt ute på altanen i bikini og prøvde å få litt farge. ▲ Det var Fjord til Fjell og ein heil gjeng var her hos meg og starta det opp! ▲ Dagen derpå reiste eg og Håkon ned på Tangen med Karoline og Hans Jørgen og dei to vant seg kvar sin stor-store melkesjokolade, og eg var kjempemisunnlig..! ▲ Niclas tok bilder av meg og eit par andre jenter i klassen til eksamensoppgava si. ▲ Siste skuledag før sommarferien kom endelig, og klassen feira med oreokaka, naaaam! ▲ Håkon var vekke fra meg i sånn.. èi helg, og eg whina. ▲ I slutten av juni reiste eg med Håkon og familien hans til Ayia Napa i to veker! Det var kjempekjekt, og viss de vil; sjå meir her.  

Totusenogelleve pt. 2/6


Mars: Eg tok med meg Håkon, Karoline og Hans Jørgen til Sogndal på danseforestilling for å sjå dei flinke hafslobøgdingane, og me koste oss med pizza på dolly før ein super forestilling! ▲ Me hadde "Tett på" oppgava på skulen, og eg prøvde å ta finfine bilder, og det gjekk bra altså! ▲ Me hadde skidag, og me koste oss i langrennsløypa! ▲ Eg og Håkon vart bedt på taco av Ida, Ola og Thea, kjempekos! ▲ Det var Sogndal Filmfestival og me høyrte på foredrag av blant anna Leon Bashir. ▲ Me hadde kosekveldar oppe hos Hans Jørgen :) ▲ Skulen gjekk seeeint, men heldigvis var hafslobøgdingane der òg da, hihi. ▲ Me feira bursdagen til Julia på Vesterland, ein awesome kveld med ein.. awesome avslutning! hah.

April: Det var eit par finfine dagar, eine dagen hang eg og Håkon ute på altanen og dansa, og ein anna dag reiste eg + hafslobøgdingane + Endre ned i parken å koste oss, hihi. ▲ Gjengen reiste til Bergen å sjekka inn på eit hotell for ei helg, og det var så sjukt braaaa...! ▲ Me reiste på russerevy, ein skuffande russerevy (dessverre.. heh). ▲ Eg fikk med meg Ida ut på nok ein liten photoshoot, stakkars jenta sto i ein pitteliten kjole og fraus... hihi. ▲ Eg fikk meg endelig dei heilt-heilt svarte converse! ▲ Eg og LM tok med oss Joachim på plaza i Oslo og reiste på Kaizers konsert i Spektrum. ▲ Skate-sesongen var i gang. ▲ Det var påskeferie, og eg hadde det kjempekoslig både på hytta til besteforeldrene mine, og på vår eigen hytta der søt var med, hihi! Så lagde eg jo "the famous" påskefilm.. hihi. 

Totusenogelleve pt. 1/6


Januar: Me hadde nyttårsfest hos Ida, og eg og Håkon kyssa når klokka vart tolv og totusenogelleve var i gang! ▲ Litt seinare starta kvardagen igjen, og eg var tilbake på skulen i Sogndal. Eg og Tea var ekstatiske. ▲ Me hadde ein koslig, etterlengta spelekveld hos Ida. ▲ Eg, Tea og Endre reiste å såg "The Tourist" på kino, og Endre avslørte filmen med eingang! ▲ Me fikk vera ein del i studioet på skulen, og det vart eit par morsomme photoshoots, og Tea kom til Årdal og starta med sitt ptf, og tok bilder av meg og Håkon, hihi. ▲ Eg tok med meg gjengen opp på hytta til ein gøygøy hyttetur! ▲ Håkon var best.

Februar: Eg starta finally opp med mitt eige ptf, og fikk med meg Ida og Kaja på ein liten photoshoot. ▲ Karoline vart med meg på skulen og fikk møta Hafslobøgdingane, and we had fun! ▲ Klassen vann ein konkurranse på skulen, og det vart pizza-time! ▲ Eg vart plutslig 17 år. ▲ Eit par koslige kafèturar hadde me òg, hihi :) ▲ Eg overraska plutslig alle med at eg skulle til Hawaii i vinterferien, og der er det så mykje å sei og visa, at visst de vil; trykk her. ▲ Eg og Håkon hadde ein koslig spelekveld med Karoline og Hans Jørgen - savar dei kveldane! :) ▲ Eg og eit par søte hafslobøgdingar reiste på Madcon konsert, og eg og Kjersti sprang etter Tshawe for å få eit bilde i lag, haha, good times! 

Mitt totusenogti pt. 6/6


November: Det var kaldt og eg var konstant sjuk... ▲ Dagane på skulen suste avgårde og november var egentlig over på 1-2-3! ▲ Guttaboys var hekta på bordtennis så me hang faktisk i brakka! ▲ Eg og Idus hadde kafèdate, så joina me Randi og Malin, hihi - gossipgirls! ▲ Eg, Ida, Karoline og Thea hadde kosekveld hos Idus, ååh.. Kos! ▲ Eg og Håkon hadde dobbeldate med Karoline og Hans Jørgen på kafèen ♥ doubletrouble! ▲ Eg og Endre var att aleina på skulen og hadde photoshoot og berre tulla! ▲ Det var gathering og når eg ikkje var snill å satt med Håkon i kiosken satt eg og gomla godis på tribuna med Ida og Karoline! Og var litt rundt omkring :) ▲ Det vart brownieslaging hos Håkon, nammenam! ▲ Eg og Håkon hadde nok ein dobbeldate - denna gangen med Ida og Ola! ▲ Gjengen samla seg for ein skikkelig kosekveld igjen, litt for mykje tull kanskje... Men alt enda jo heldigvis godt, hihi ♥

Desember: Eg reiste på helgebesøk til Maria i Bergen - shopping og Nina-og-Maria-kos! ▲ Fortsatte å ta kriminellt mange photo booth bilder med hafslobøgdingane ▲ Eg, Ida og Karoline hadde middagsdate på kafèen - calzone! ▲ X-Factor finale og taco med Idus, Theus og Kajsus, overkjekt joo! (Sjølv om skuffelsen var stor...) ▲ Hafslobøgdingane kom endelig til Årdal og fikk møta litt av folkaaa, hihi ▲ Eg budde eit døgn i Hafslo, juleballet totusenogti var asaaaam! Ikkje dagen derpå derimot, men pyttpytt! ▲ Eg og Håkon reiste nesten-spontant til Bergen eit par dagar for litt i-siste-liten-julehandling, me hadde det iallefall koos da ♥ ▲ Det vart visst jul og plutslig var det ikkje jul lenger for det går visst veldig-veldig fort det! ▲ Eg, Ida, Karoline og Kaja åt taco og berre.... aah, jenteprat! ▲ Eg bur praktisk talt hos Håkon i romjuli og me berre... daffar og alt er berre så fint, så fint! ♥ (▲ ... Satsar på at nyttårsafta òg blir asam!)

Mitt totusenogti pt. 5/6


September: Eg hadde det overkjekt på skulen og dagane gjekk så fort! ▲ ... Som den dagen me skulle ta klassebilde og alle hadde fiksa kle til "biker chicks"-temaet, og så skulle me ikkje ta bilde allikavel. Så me gjekk i vårt eige studio å tok bilder! Håhå! ▲ Eg, Idus og Kajsus hadde isdate, nammenam! ▲ Eg og Idus reiste til Bergen å møtte Karoline, shoppa litt og tok ho med heim til Årdal, hihi. ▲ Me festa hos Frankie, woho! ▲ Jentene hadde skikkelig reunion - eg, Ida, Karoline, Kaja, Thea og Hilde - skikkelig kosekveld! ▲ Eg vart med Tea heim til Hafslo og me fiksa oss til klassetreff i Sogndal på China House. ▲ Eg og Tea oppdaga the power of the campusbolle! ▲ Det var lokkis igjen og gjengen vart samla hos meg, funfun :) ▲ Eg reiste på min fjerde Karpe Diem konsert - med Tea!! ▲ Håkon spørte om det kunne bli oss to, og slik vart det. Og det er vel det beste som har skjedd meg... nokon gang ♥ Hihi!

Oktober: Eg hadde sånn praktisk talt flytta inn hos Håkon og pappa og LM klaga på at dei aldri såg meg lenger.. Tehe.. ▲ Det vart vanskligare å finna tid, men eg, Ida, Karoline og Hilde hadde faktisk kafèdate! ▲ Eg vart med Tea heim til Hafslo igjen - og feira bursdagen hennas! Hihi, kjempekos! ▲ ... og med ein gang eg kom heim fra Hafslo den kvelden var gjengen samla hos Idus, noko som òg var kjempekos! ▲ .. For ei stund var me flinke å samla gjengen, me såg film, spelte mafia og alias og hadde det gøøøy! ▲ Eg hadde reunion med Andreas - film, potetgull og brus! Som må gjerast igjen. ▲ Eg reiste på kinarestaurant med masse fine jenter, og etterpå samla gjengen seg hos Idus igjen. ▲ Eg og Håkon reiste på helgetur til Oslo - plaza og Lady GaGa! Beste helgi ♥ ▲ Det vart lokkis igjen og me vart samla hos Henrik, nok ein gang; koskos! ▲ Ellers.... hang me på isdisken på mix hos Idus!

Mitt totusenogti pt. 4/6


Juli: Herregud, eg hadde det faktisk så bra, så bra! ▲ Me tjuvbada mykje i bassenget - gjekk alltid å traska gatelangs om nettene i bikini ▲ Hang òg mykje på Cuba med skaterboys'a ▲ Karoline var mykje i Årdal - og me fant alltid på så masse ilag heile gjengen! ▲ Eg, Ida, Karoline og Hilde reiste på hyttetur og det er noko av det kosligaste eg har vore med på! ▲ Theus var med oss og viste skateboard-skills, noko eg aldri kjem til å glømma!! (tehehhe) ▲ Eg og LM fikk oss nytt klesskap - hallelujah! ▲ Eg var på ein av mine favorittplassar i heileheile verden; Storåsfestivalen. (Men savna Søt veldig mykje...) ▲ Og ja, det var egentlig litt sånn... the best time of my life. Nei vent, det var egentlig veldig sånn... :) ♥

August: Eg, Ida, Karoline, Håkon og Hans Jørgen reiste til Sogndal på shopping, pizza og bowling og hadde det overkjekt! ▲ Eg fikk meg endeligendeligendelig polaroidkamera (anar ikkje kor lenge eg har drømt om det - takk LM!) ▲ Det var Målrock og gjengen hadde det såklart supert! (Litt ups and downs, men alt enda jo godt!) ▲ Me hang fortsatt ein del på bordtennisbordet på Cuba å såg på skaterboysane. ▲ Eg og Idus hadde ein del dinner-for-two-kosekveldar. ▲ Eg, Håkon og Hans Jørgen tok båt til Øvre og kjøpte kebab! ▲ Me feira bursdagen til Maria borte hos Therese med masse fine folk, og seinare endte eg opp hos Håkon :) ▲ Skulen begynnte igjen og eg var off to Sogndal - så mykje nytt og så mykje nye folk.. Heldigvis fiksa det seg ganske så fort ♥ Hihi. ▲ Når skulen hadde starta og gjengen savna sommarferien og altdetfine, og me var spredd på... fire forskjellige skular, måtte me samlast igjen! Da vart det uteparty hos Idus - masse tull og moro! ▲ Herregud så eg savnar alt detta...

Mitt totusenogti pt. 3/6


Mai: Natt til første mai med masse finejenter! ▲ Skulen begynnte å bli skikkelig daff og me låg ute på kunstgraset å "studerte" i timane... ▲ Idus begynnte å jobba på Mix - starten på ein ny epoke, teheh! ▲ Eg og guttaboys daffa, såg film og spelte desperat lygar hos meg. For ikkje å nevna desperat kames-speling... ▲ Eg såg Avatar og vart megaskuffa... Altfor høge forhåpningar tydligvis.. ▲ Eg fikk meg min kjære McMac og vart superhappy!!! ▲ Me hadde mykje trampolinekos hos Idus, hihi :) ▲ Det vart volleyball på Cuba - og grilling med gjengen hos Eline! - Sommarfølelsen var virkelig på veg! 

Juni: Me var på klassetur til Oslo - og det var overkjekt! Eg, Ida og Hilde budde stort sett på rommet til Hans Jørgen, Mikael og Ola. Og.. Tusenfryd! ▲ Me hadde eksamenar, men eg, Mikael og Nikolai droppa øvingen for sofaen i kjellaren - men det gjekk allikavel bra! ▲ Eksamensfest med klassen, herregud, fint med verdens beste lærar som berre såg litt på oss før han sendte oss rett heim til sengs når me kom rett på skulen fra Seimsdalen ▲ Gjengen budde i kjellaren hos Idus, det var vår.. crib! Seriøst, heile tid! Så spelte me (gutane pretty much) Wii. Og me låg på trampolina med masse, masse tepper. Koskoskos! ▲ Det vart endelig sommar og ♥sommarferie♥, og det vart den beste sommarferien! ▲ Eg var hekta på Recovery albumet til Eminem. Big time. ▲ Det var fjord til fjell - som aldri har vore så tragisk før. Det endte opp med brownies og Wii hos Andreas! ▲ Me hadde massemasse cubafestar - slo aldri feil! (Stort sakn...) ▲ Og det beste grillpartyet ever hos Hans Jørgen! Med marshmallows! Og fine folk.

Mitt totusenogti pt. 2/6


Mars: Fine kosekveldar, som da eg, Ida, Hilde og Jørgen lagde burritos og spelte spion hos Hilde. ▲ ...Og som da det vart film, brus og pizza hos Nikolai med guttaboys. ▲ ...Og som da me var samla ein heil gjeng hos Hilde og berre hadde det overkjekt! Og dagen derpå når Theus kom å joina oss, hihi. ▲ Eg såg fortsatt ein haug med filmar med Mikael og Nikolai! ▲ Eg trur eg nevnte norskprosjektet som eg alltid utsatte i kvart einaste blogginnlegg... ▲ Det vart påskeferie! Det tradisjonelle hyttebesøket til mommo og bestefar, slalom, påskeegg og kryssord! Og kafèbesøk, enchiladas med Ida og Janni, fantasi-speling med gjengen og kosekveld! Eg hang med Idus og guttaboys stort sett heile ferien :) ▲ Kropp mot kropp!

April: Eg, Ida, Hilde og Eline reiste på jentetur til Sogndal - bowling, pizza og kos! ▲ Eg fikk hol-i-øyra nr. 3! Eg, Ida og Hilde gjekk litt bananas med nålene... Tehe! ▲ Me hadde game night (kropp mot kropp - skikkelig slager!) hos Hilde med gjengen. ▲ Det var gathering og maks slasking! ▲ Skulen hadde skidag på Filefjell, herregud så kjekt det var! ▲ Eg var på etterlengta besøk til Maria i Bergen og me hadde det kjempekos! ▲ Karpe Diem kom med "Aldri solgt en løgn" albumet, og eg var gal. ▲ Det var tentamenstider og eg blogga stadig om at eg aldri klarte å øva, og var overhappy når eg endelig var ferdig med alle!

Mitt totusenogti pt. 1/6


Januar: Eg feira fin nyttårsafta på Cuba med Sofie, Mikael og Andreas og stjerneskudd. ▲ Eg hadde mange fine kafèbesøk med fine folk. ▲ Eg budde stort sett i kjellaren med skrekkfilmar (og i blant ein komedie eller ein dansefilm) på tv-skjermen, i lag med Mikael og Nikolai. Og av og til Andreas, hih. Og da snakkar me sånn... kvar dag altså. Hihi. ▲ Eg hospiterte på media i Sogndal, og sjølv om eg var ganske så sikker på at det var der eg ville gå, vart det da ganske så bestemt. ▲ Me feira bursdagen til Ida og Eline hos Eline - kjempekos! ▲ Eg fant ut at eg lagar verdens beste sjokoladekjeks. Nam.

Februar: Ein dag vart det vaflekos hos Eline, og ein an dag vart det tacomiddag med ho og William, og me hadde det finfint. ▲ Eg var superhekta på "Rebirth" albumet til Lil Wayne som kom ut, håhå! Knockout stod på repeat. ▲ Hadde fine kveldar med nachos og jenteprat ▲ Eg, Mikael og Nikolai fortsatte å slita ut sofaen i kjellaren, og eg var òg nede hos Andreas å glante på tv-skjermen der. ▲ Eg, Erlend og Maria hadde ein skikkelig Erlend-Maria-Nina-kveld, and it was superfun! ▲ Me (gamleklassen ♥) klarte faktisk å glømma bursdagen til verdens beste lærar, men henta oss godt inn igjen med skikkelig surprise party! Teheh. ▲ Gettin-ready-for-lokkis med Ida og Hilde. Me hadde det kjempekjekt i lag borte hos Hilde før me reiste ut! :) ▲ Eg hadde minifeiring av bursdagen min på hytta med Eline og Ida - og Pappa begynnte å lika nachos!! Hallelujah! ▲ Eg var skulelei, men hadde det egentlig veldig, veldig fint.


nina ballerina(kjeks), 18 år og fra ein liten plass i sogn og fjordane som heiter årdalstangen, går på media og kommunikasjon på sogndal vgs. eg elskar musikk og å ta bilder, og eg likar ballerinakjeks, polaroidar og parantesar. og ja, så har eg verdens beste kjæreste da, hih ♥ her bloggar eg om ting som skjer i min kvardag og andre uintressante ting. og berre sånn viss du vil så kan du bli venn med meg her.
<3, Bloggen/info, Ferie, Finfint, Foto, Helgekos, Innkjøp/Wants/Nytt, Inspo, Kvardag, Lørdagsdigg, Musikk, Photoshop, Random, Skule, Spørsmål & svar, Thisyearslove, Tips, Video,
Februar 2012, Januar 2012, Desember 2011, November 2011, Oktober 2011, September 2011, August 2011, Juli 2011, Juni 2011, Mai 2011, April 2011, Mars 2011, Februar 2011, Januar 2011, Desember 2010, November 2010, Oktober 2010, September 2010, August 2010, Juli 2010, Juni 2010, Mai 2010, April 2010, Mars 2010, Februar 2010, Januar 2010, Desember 2009, November 2009,

hits