Tips

I'm all over the place

Jaaa, har liksom ikkje så veldig lyst til å blogga for tiden, som de kanskje har merka. Men om de lurte så har eg det fint altså. Eg har kost meg med ei skikkelig chillehelg her heime, med både chips og brus og sjokolade og taco og kos. Håkon er sjuk, så me har stått opp i ti-tiden kvar dag, viiiiilt. Hah.. Men eg ville berre sei at om de savnar meg no som det er så stilt her på bloggen, så er eg all over the place ellers eg! Så berre... stalk meg liksom.

Twitter - Youtube - Weheartit - Last.fm - Tumblr - Listography - Statigram/instagram - Vimeo, og om du ikkje allerede følger bloggen, så kan de gjera det her på Bloglovin' :) Det var det eg kom på at the moment så.. Yes!

Ja, sånn forresten..


LM har flytta ut, heilt til Trondheim! Så det er liksom litt av grunnen til at eg plutslig har blitt gal etter shopping. Eg må liksom fylla opp klesskapet igjen. For ikkje å snakka om hyllene på badet. Så det er liksom grunnen til at eg kjøpte inn fuktighetskrem og hårspray, som eg aldri brukar. Men no er det jo kjempemorsomt å lesa bloggen hennas (link) å sjå bilder av den fine, nye leiligheten! :) Faktisk spennande å følga med. Og eg misunnar jo litt den... "nye starten"! Besøk og les her! :) 

A world of music


Genial sida. Just sayin'. Sjekk ut heile musikkbiblioteket mitt, topp artistar/sangar/album, eller berre sjekk om eg høyrer på musikk akkurat no; her. Og viss du har profil der, bli venn med meg! hihi :) 

Instagram // Statigram


Ville berre tipsa om statigram! Om det er andre enn meg som har savna å ha instagram på nett, så er jo statigram litt sånn halvveges! Ein kan ikkje legga ut bilder via statigram, men ellers har ein jo resten der, ein har heile profilen sin, og kan surfa rundt om og kommentera på andre profilar som ein vil. Pluss at no blir det ikkje så tungvindt å få bildene fort over på macen viss ein vil bruka dei der! hihi. Pluss nr. 2, så kan jo no alle dei som ikkje har instagram/iphone følga med uansett! Min profil: trykk her. 

Mine sets @ We heart it

Eg har hatt profil på weheartit i evighetar, men har aldri faktisk brukt han, men no. No har eg tatt heilt av. No kan ein jo (endelig) legga bilder inn i ulike sett, woho! Kjempefint! Profilen min finner du her, eg legger ut ein del av mine eigne bilder, og hjertar ein god del andre bilder eg.. hjertar. Hihi. Trykk på bildene under for å komma inn på dei ulike setti mine, berre sånn om du vil :) Har du profil på whi? Tell me!
 








My favs // iphone apps


Instagram: Trenger eg egentlig å sei noko? Eg føler at eg har reklamert nok for instagram. Beste foto-appen som finst. Ein tek bilder, legger på finfine filter og deler med resten av verden. Så følger ein kvarandre, likar bilder og kommenterar. Camera+: Veldig bra bilderedigerinsprogram! Så visst eg berre skal gjera noko fort og flott, camera+! Kjempemange mulighetar! Twitter: Ja, etter eg har blitt addicted er det ganske greitt å ha. Når eg sitter på bussen, i bilen og når eg burde sova, og litt sånt. 

Doodle Jump: Så sjukt avhengighetsskapande og morsomt. Heldigvis har eg vore på avvenning, og er ikkje heilt gal lenger. Men det er i alle fall moromoromoro! Veldig... tidsfordriv. Moron Test: Ja, det er jo alltid moro med litt hjernetrim. Spesielt på den måten, haha! Så er det alltid moro å få andre til å prøva det, berre for å sjå at dei ikkje skjønnar noko i det heile tatt. Fun! Tiny wings: Det var morsomt før i alle fall, no får eg det berre ikkje til meir, så Håkon har vel egentlig tatt over der ja.... but still! 

Snake '97: Denna er det ikkje lenge sia eg lasta ned! Og alle veit vel at ein blir veldig hekta på snake. Og detta minnar meg om gamlegamle mobilen til pappa som eg alltid lånte, kun for å spela snake. VG TV-guide: Sjølv om det er sjeldent at eg faktisk ser på teve, så er det jo greitt å veta kva som faktisk går! Faktura: Så har eg alltid full kontroll over kor mykje eg (pappa) må betala når rekningen kjem i posten! Eg ser kor mange meldingar eg har sendt, kor mange minutt eg har ringt osv. Supert!

Shop Nasty Gal!


Eg sniksåg på Marianne sin macskjerm, og herregud. So glad I did, ellers hadde eg ikkje oppdaga denna (sjukt bra) sida! Så ekstremt fine kle, fikk liksom litt lyst på alt. Wish I had money to shop... Shopnastygal.com shopnastygal.com shopnastygal.com shopnastygal.com

Min bloggverden

Når folk spør meg om korleis bloggar eg les, får dei egentlig aldri eit skikkelig svar. "Mange", "fleire tusen", "eg orkar ikkje begynna..." and so on. Og det er jo egentlig veldig sant, eg følger veldig mange bloggar, men det er egentlig få eg faktisk leser. Uansett, her prøver eg å gje eit lite sneak peak!


Linkar: ItsThea, Anybanany, Birgithebjorndal, Mariitaz, Supermarie, Flamoni. Detta er altså mine favoritt kvardags(-and-such-)bloggar: Det er dessa bloggane eg les, dessa eg likar best - av ulike grunnar. Eg har funne ut at eg likar best kvardagsbloggar, her får ein jo ikkje berre kvardagsprat, men òg foto, mote og litt av alt egentlig :) Så ja, dessa er supre! Check it out, check it out. 


Linkar: bildevilde, majavedå, idafiskaa, iselinbrox, tinkerbella, blomsterfeenhanna. Så her er altså fotobloggane: Eg elskar jo å sjå på bilder, så fotobloggar er finfint! Eg kan ikkje sei at eg leser så mykje her, det er meir sånn at eg berre bler gjennom for å sjå på bildene. Og dessa her, dei er flinke!


Linkar: Imfancy, melissa, angelicablick, theaukkestad. Og til sist, motebloggane: Eg er jo ikkje verken spesielt moteinteressert eller fashionista #1, men eg må likevel innom eit par motebloggar. Ikkje minst er desse motebloggarane så sjukt fine, men bildene deira blir òg så sjukt fine, så eg ser nesten på dei som fotobloggar eg. Men uansett, det er jo ikkje sånn at eg hadde takka nei til kleskapa heller...  

your turn!
Kva er favorittbloggane dine? Eg seier jo ikkje nei til å følga eit par tusen til, heh... Nei, heilt sant - eg gjer ikkje det! :)

My favs // Tv-shows


Skins: Dei som kjenner meg, veit at Skins er absolutt #1 hos meg, heiltheilt sant. Eg begynnte å sjå på det ein sommar for eit par år sia, og åh, heilt forelska med ein gang. And it's british. Sex, drugs and booze! Men det så er litt.. vel, irriterandes, er at etter kvar andre sesong handlar det om nye karakterar. Til no har det komme fem sesongar, og gjengen i sesong 3-4 er heilt klart mine favorittar! (På bildet over, med ♥Freddie♥ heilt til venstre, som eg er spesielt gal etter..) Love it 


Pretty Little Liars: Ein serie eg ikkje hadde høyrt om før eg vart tipsa av hafslobøgdingane, som eg no er heilt hekta på! Det er ikkje ein sånn standard-tenårings-serie, faktisk litt anleis! Serien handlar om at jentene over får meldingar og beskjedar av ho som pleidde å vera "ledaren" av venninnegjengen, før ho vart drept. You see? Spoookeeeey.. Så, jentene prøver å finna ut korleis venninna vart drept, spennande! Og sjølvsagt er vanlig tenåringsdrama innblanda òg, don't you worry! haha :) 


One Tree Hill: Standard. What a clichè... Men altså, alle vennene mine såg på det, og snakka om det. Eg var i mot det, nettopp fordi eg syns det var så standard. Klisjè. Men så begynnte eg å sjå på det, og no har eg plutselig sett alle episodane fra alle sesongane, fleire gangar. Eg veit ikkje keffør, men det er ein sånn serie ein (i alle fall eg) lever seg heilt inn i, for real. Og her føler eg at dei fleste veit ke serien handlar om (heh...), so I'll say no more. Bortsett fra at eg er evig Lucas&Peyton girl. 


90210: Og ellers er det denna gjengen som underhelde meg! Litt meir standard her òg, high school, popularitet, strandliv, surfing, love and all that drama. Eg kunne ikkje gjera annart enn å bli hekta! :) 

So, that's me. What's you?

Tips meg veldig gjerne om andre tv-seriar eg kan sjå på, for detta er stort sett dei eg har. Og eg har sett alt som er å sjå av dei (i alle fall så langt), fleire gangar, hih.

/// Promotion!


Noko eg faktisk ikkje har nevnt her på bloggen (som eg har fått høyrt eit par gangar!), er at for ei stund tilbake lagde eg og hafslobøgdingane ein blogg ilag! Mest sånn for gøy egentlig - me legger for det meste ut bilder som me sjølv trur er fine (neida, joda). Så har me kvar våre kategoriar, og me lagar utfordringar til kvarandre og slikt, ganske så gøy jaa! Trykk på bildet over for å komma til bloggen! 


nina ballerina(kjeks), 18 år og fra ein liten plass i sogn og fjordane som heiter årdalstangen, går på media og kommunikasjon på sogndal vgs. eg elskar musikk og å ta bilder, og eg likar ballerinakjeks, polaroidar og parantesar. og ja, så har eg verdens beste kjæreste da, hih ♥ her bloggar eg om ting som skjer i min kvardag og andre uintressante ting. og berre sånn viss du vil så kan du bli venn med meg her.
<3, Bloggen/info, Ferie, Finfint, Foto, Helgekos, Innkjøp/Wants/Nytt, Inspo, Kvardag, Lørdagsdigg, Musikk, Photoshop, Random, Skule, Spørsmål & svar, Thisyearslove, Tips, Video,
Mars 2012, Februar 2012, Januar 2012, Desember 2011, November 2011, Oktober 2011, September 2011, August 2011, Juli 2011, Juni 2011, Mai 2011, April 2011, Mars 2011, Februar 2011, Januar 2011, Desember 2010, November 2010, Oktober 2010, September 2010, August 2010, Juli 2010, Juni 2010, Mai 2010, April 2010, Mars 2010, Februar 2010, Januar 2010, Desember 2009, November 2009,

hits